nyhende
Båttjuveri har auka – mange båteigarar slurvar med tryggleiken
Nær éin av tre båteigarar sikrar ikkje båten sin mot tjuveri, medan nesten éin av fire har opplevd tjuveri av eller frå båt. Samtidig aukar talet på tjuveri.
Det viser ei undersøking som InFact har gjort for Securmark og Redningsselskapet.
I fjor vart det stole for 145 millionar kroner av og frå båtar, ifølgje Finans Norge. Det er den høgaste erstatningssummen på nesten 30 år. Berre dei to siste åra har talet på tjuveri auka med nesten 60 prosent.
Politiet ber båteigarar om å skjerpe tryggleiken.
– Vi ser ofte døme på båtar og båtmotorar som ikkje er tilstrekkeleg sikra mot tjuveri. Kartplottarar og anna kostbart utstyr ligg usikra i båten, og ofte er heller ikkje båten låst, seier næringslivskontakt i Aust politidistrikt, Kristoffer Haakonsen.