nyhende
Barnevaksinar varar ikkje livet ut: Desse vaksinane treng du i vaksen alder
Ikkje alle vaksinar du fekk på helsestasjonen som spedbarn, eller hos helsesøster på skulen, varar livet ut. Mange veit ikkje at dei må fyllast på.
For mange er det kanskje berre koronavaksinane ein har friskt i minne, men no når pandemien ikkje lenger dominerer verken kvardagsliv eller sjukehusinnleggingar, er vaksinar kanskje det siste vi tenker på.
– Mange veit ikkje at dei treng oppfriskingsdosar, og får kanskje først vite det når dei skal ut og reise og skal ta reisevaksinar. Då vert dei gjort merksame på at dei må ha påfyll av andre vaksinar også. Mange av dei som treng oppfriskingsdosar er gjerne friske og går heller ikkje til legen og får dermed heller ikkje tilstrekkeleg informasjon om kva vaksinar dei skal ha, seier overlege ved avdeling for smittevern og vaksinar på Folkehelseinstituttet (FHI), Sara Viksmoen Watle til Nynorsk pressekontor.
Oppfrisking kvart 10. år
Barnevaksinasjonsprogrammet omfattar ei rekkje ulike vaksinar som helsestyresmaktene anbefaler til barn og unge. Kanskje er du glad for at perioden med hyppige nålestikk og besøk hos helsesøster er over, men kva vaksinar bør vi ta vi i vaksen alder eigentleg? Kan det vere på tide med ei oppfriskingsdose?
– Vi anbefaler alle vaksne i Noreg den såkalla DTP-polio-vaksinen kvart 10. år, opplyser Watle.
DTP-polio-vaksinen mot difteri, kikhoste, tetanus (stivkrampe) og polio er ein del av vaksinasjonsprogrammet for barn, men alle som er grunnvaksinert mot desse bør få ein oppfriskingsdose jamleg. Vaksne som ikkje tidlegare har fått tre dosar bør få det, tilrår FHI.
Beskyttar ikkje like godt
Andre vaksinar som inngår i barnevaksinasjonen, som MMR-vaksinen mot meslingar, kusma og raude hundar, varar livet ut. Desse treng du ikkje fylle på. Men ikkje alle vaksinar beskyttar like godt når det har gått lang tid, forklarar overlegen.
– Mange faktorar spelar inn og ulike smittestoff oppfører seg forskjellig. Ved smitte av nokre sjukdommar, som pneumokokkar eller smittsam hjernehinnebetennelse, utviklar sjukdommen seg så fort at ein alltid treng høgt nivå av antistoff i blodet for å vere beskytta mot sjukdomsutbrot. Det same gjeld stivkrampe og difteri og det er difor anbefalt oppfriskingsdose, seier ho.
Er du usikker på om og kva vaksinar du treng, finn du oversikt over kva vaksinar som er registrert på deg hos helsenorge.no.
Kva med risikogruppene våre?
Når vi vaksinerer oss vert immunsystemet vårt aktivert utan at vi vert sjuke. På denne måten kan smittsame sjukdommar enkelt bli effektivt førebygde.
– Fordelen er at ein sjølv er beskytta mot sjukdom, men også flokkbeskyttelsen er ein stor fordel. Når mange nok er vaksinerte beskyttar ein dei andre i samfunnet som ikkje sjølve toler eller kan ta vaksinen, for eksempel babyar, dei med nedsett immunforsvar eller dei som av andre grunnar ikkje kan vaksinere seg. Når ikkje alle som kan er vaksinerte, er heller ikkje desse beskytta like godt, forklarar Watle.
Nokre samfunnsgrupper er meir utsette for visse sjukdommar enn andre, og for desse gjeld det særlege vaksinasjonsråd.
Særlege vaksinasjonsråd
For gravide er det anbefalt å ta vaksine mot kikhoste i svangerskapsveke 24. Det er også anbefalt at gravide tek vaksine mot sesonginfluensa og koronasjukdom.
Er du 65 år eller eldre, har kroniske sjukdommar eller er tilsett i helsetenesta, er årleg influensavaksine tilrådd. Eldre og tilhøyrande i risikogrupper er også anbefalt å ta vaksine mot pneumokokkar. Pneumokokkar er ein bakterie som mellom anna kan gi betennelse i lunger, øyre og biholer.
– Når ein vert eldre vert også immunforsvaret svakare. Då kan ein ha behov for beskyttelse for sjukdommar ein ikkje tidlegare har trunge beskyttelse mot, forklarar Watle. Ho trur det er fleire som veit om vaksinane som trengst når ein blir eldre, men at dei generelle oppfriskingsråda ikkje er kjende for dei fleste.
Er behovet for oppfriskingsdosar underkommunisert?
– Vi prøver å kommuniserer så ofte vi kan, men sidan det ikkje er sett i system slik som barnevaksinasjonsprogrammet, er det vanskeleg å nå ut til alle, seier Watle.
Full oversikt over kva vaksinar som er tilrådd til kven, finn du på FHI sine nettsider.
Vaksinasjonsprogram for vaksne
Berre tre prosent av helseutgiftene vert brukte til førebyggjande tiltak, og andelen brukt til vaksinar er på skarve 0,06 prosent og går hovudsakleg til vaksinasjon av barn. Slik det er i dag må vaksne betale sjølve om dei skal fylle på med vaksinar.
Sidan 2018 har FHI jobba for å innføre eit vaksinasjonsprogram for vaksne, og det er no opp til regjeringa å avgjere om det skal innførast eller ikkje.
– Om eit vaksinasjonsprogram for vaksne vert innført og vaksinane vert gratis, vil dette bidra til å redusere ulikskapane innan helse. Med eit vaksinasjonsprogram er det lettare å sende ut innkallingar og gi beskjed om at ei oppfriskingsdose trengst, og det vil gjere at oppmøtet også aukar. Det kan òg bidra til betre helse i samfunnet, færre sjukedagar og lågare belastning på helsevesenet, seier Watle.
Har stått på vent
Ho håpar eit slikt program er på plass i 2025, men etter at forslaget først vart fremja frå Stortinget i 2021, har arbeidet med å utarbeide vaksinasjonstilbod for vaksne stått på vent blant anna på grunn av koronapandemien.
– Vi arbeider med å etablere eit vaksenvaksinasjonsprogram i Noreg, slik vi mellom anna har varsla i folkehelsemeldinga. I mange år har vi hatt eit vaksinasjonsprogram for born, og eit tilsvarande tilbod for vaksne vil sikre likebehandling, uansett bakgrunn og livssituasjon, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Karl Kristian Bekeng i eit e-postsvar.
Når eit slikt program vert innført, kan departementet derimot ikkje seie noko nærmare om, anna enn at det avheng av kva som vert avgjort i budsjettforhandlingane.
Ryk og reis – men vaksiner deg først
Du er ikkje beskytta mot alle typar sjukdommar gjennom barnevaksinane. Skal du ut å reise, og særleg om destinasjonen ligg utanfor Europa, er det mogleg du må ta andre vaksinar enn det du får tilbod om som barn.
FHI tilrår alle som skal reise til område med ulike sjukdomsførekomstar enn i Noreg om å vaksinere seg mot desse. Dette kan for eksempel vere vaksinar mot sjukdommar som gulfeber, hepatitt, kolera, rabies og tyfoidfeber.
BCG-vaksinen mot tuberkulose er teken ut av barnevaksinasjonsprogrammet, men er framleis tilrådd til dei som har mor eller far som kjem frå stadar med høg førekomst av tuberkulose, eller som skal opphalde seg der i tre månadar eller meir.
Du kan sjekke aktuelle smittevernråd og vaksineanbefalingar som gjeld for landet du skal reise til på FHI sine nettsider.