nyhende

Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) oppmodar resten av Europa til å foreslå ei aldersgrense for sosiale medium, slik regjeringa har gjort. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) oppmodar resten av Europa til å foreslå ei aldersgrense for sosiale medium, slik regjeringa har gjort.

Barneministeren ber Europa følgja Noreg og foreslå sosiale medium-aldersgrense

Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) oppmodar resten av Europa til å fremja eit forslag om aldersgrense i sosiale medium, slik regjeringa har gjort.

Publisert Sist oppdatert

 Korleis vi skal sikra barn og unge ein trygg digital oppvekst, er ei problemstilling som kjem opp i alle samtalar og møter eg har med dei nordiske og europeiske kollegaene mine. Oppmodinga mi til dei er å fremja eit forslag om å innføra ei aldersgrense i sosiale medium, slik vi har gjort i Noreg, seier Vågslid.

Oppmodinga hennar kom på ungdomsministerkonferansen i Europarådet på Malta torsdag, der ho heldt eit innlegg på vegner av Noreg.

Forslaget om å innføra ei aldersgrense på 15 år fekk over 8000 svar då det vart sendt ut på høyring, seier Vågslid, som meiner at det understrekar at mange er opptekne av dette temaet.

– Vi kan ikkje la algoritmar og store teknologiselskap styra kvardagen til barna våre utan å sørgja for at dei blir tilstrekkeleg beskytta mot dei negative konsekvensane dette kan ha, seier Vågslid.

Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) kjem òg til å ta opp tematikken på eit EU-ministermøte i Danmark.

– Vi treng tydelege reglar som faktisk verkar. Difor vil eg ha felles, bindande europeisk aldersgrense i sosiale medium og felles krav til aldersverifisering – og eit klart ansvar hos plattformene, seier ho.

Powered by Labrador CMS