nyhende

Espira Solkroken.
Espira Solkroken.

Barnehagetilsett smitta – skulane stenger

Seint onsdag kveld fekk Sveio kommune vita at ein tilsett i ein barnehage har fått påvist korona. På grunn av endra situasjon, blir skulane stengde ut veka.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein tilsett ved Espira Solkroken barnehage på Ekrene som har fått påvist smitte. Vedkommande er også busett i Sveio. Som følgje av dette blir barnehagen stengt resten av veka, medan smittesporing pågår. Aktuelle personar er sett i karantene eller ventekarante.

Kommunen opplyser at det er nær 70 barn i barnehagen, og potensielt mange søsken til ungane som går i barne- og ungdomsskule.

Me anbefaler alle generelt om å følga med på symptom og ha låg terskel for å testa seg

–  For å få oversikt gjennom smittesporing og redusera risikoen for at smitte spreier seg frå barnehagen via skulane, blir det innført digital heimeundervisning ved alle skular i Sveio ut veka. Skulane i Sveio har vore stengde dei siste tre dagar, og derfor er det nærliggande og føremålstenleg å halda elevane heime nokon dagar til, til situasjonen er meir avklart, skriv Sveio kommune.

Eventuell forlenging av digital heimeskule vil bli nærmare vurdert når me har meir informasjon.

– Me anbefaler alle generelt om å følga med på symptom og ha låg terskel for å testa seg, oppmodar kommunen.

Powered by Labrador CMS