nyhende
– Barnehagen i Valestrand kan greit bestå separat frå dagens skuledrift
Dette og fleire spørsmål blei besvart då politikarane hadde Telemarksforsking på tråden.
– Barnehagen i Valestrand kan greit bestå separat frå dagens skuledrift. Det vil vera naturleg at SFO-delen føl med ei eventuell nedlegging – det er ikkje rekna på, svara Kjetil Lie, prosjektleiar i Telemarksforsking. Han og to kollegaer var med sju Sveio-politikarar, og seks frå administrasjonen i Sveio kommune på videooverføring tysdag kveld. Tuva Økland frå ungdomsrådet var også med i møtet.
Nærmaste skule
Utvalsleiar Asle G. Halleraker hadde på førehand sendt inn ei liste med varierte spørsmål som blei besvarte. Mellom anna dette med barnehagen i Valestrand og kor sikre prediksjonane om elevtal for Valestrand og Auklandshamn er sikre eller usikre (dei er like usikre).
Resten kom fram i møtet. Beathe S. Haugland frå Sveio Senterparti og John Kristian Økland frå Sveio Høgre hadde fleire ting dei lurte på.
Nærskuleprinsippet blei nemnt. Dersom Auklandshamn blir lagt ned – kor vil elevane då ha sin nærmaste skule? Svaret hadde administrasjonen. Majoriteten høyrer til Førde, berre 11 av 47 elevar (23,4 prosent) vil ha Sveio som sin nærmaste skule. Då kan det vera naturleg å fordela elevar til Førde og Sveio.
Reiseveg
Haugland sakna innhald i rapporten som viser barnet sitt beste, dette var forøvrig også tema som Halleraker var innom i sine spørsmål.
– Ein kan fort rasera flotte lokalsamfunn for ein billeg penge. Det blir kokt ned til kva skule som skal leggjast ned, sa Haugland, og bemerka at det ikkje var lagt fram alternativ om å byggja ny skule i Valestrand.
Skuleskyss blei også tatt opp, for kor langt skal ein barneskuleelev reisa kvar veg til ein potensiell ny skule? Svaret er «ikkje urimeleg langt».
– Elevar frå Vikse skulekrins vil få den lengste transporttida. Det er ein av grunnane til at me sette opp å behalda 1.-4. klasse på Vikse, og ikkje leggja ned heile skulen, forklarar Helge Støren frå Telemarksforsking. Han meiner at dei fleste vil vera innafor den gamle grensa på maks 45 minutt ein veg for dei minste ungane.
– Flagg standpunkt
Arbeidet som er lagt fram av Telemarksforsking heiter «Rapport om framtidig skulestruktur i Sveio kommune – Bidrag til ein skulebruksplan». Då Telemarksforsking var fråkopla blei det blei stilt spørsmål ved kor skulebruksplanen blei av i arbeidet.
– Det var ein skulebruksplan me bestilte. Kor er denne? Dette er ei skulestruktursak, slik eg opplever det, sa Økland.
Asle G. Halleraker svara med at han tolka dette som eit grunnlagsdokument, ein viktig del i utarbeidinga om skulebruksplan for Sveio.
Økland meiner det vil vera bra for behandlinga av saka om politikarane tidleg flaggar sitt standpunkt.
– Dette er sannsynlegvis ei av dei mest opprivande sakene me kan ha, som veldig mange får tett på seg.
Medlemmer i hovudutval for oppvekst og kultur: Asle Georg Halleraker, leiar (Arbeiderpartiet), Stian Nygård, nestleiar (Uavhengig), Ingrid Pedersen Furdal (Arbeiderpartiet), Sølvi Margrethe Vesterheim (Framstegspartiet), John Kristian Økland (Høgre), Leif Sverre Haga (Miljøpartiet Dei grøne) og Beathe Susanne Haugland (Senterpartiet).