nyhende

Barnehagearbeid går etter planen

Utbetringa av Førde barnehage sitt uteområde går etter planen. Fredag forrige veke var kommunen på inspeksjon. — Så langt er eg nøgd, seier byggjeleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Noko av uteområdet til barnehagen i Førde har vore stengt av ei stund. Det er grunna arbeidet som skjer der, blant anna med gravemaskin.

— Når det er ferdig skal det verta eit fint friområde for leik, seier Andreas Ekrheim i Sveio kommune.

Han er byggjeleiar for prosjektet og har vore involvert i heile prosessen. Fredag den 17. mars var han på inspeksjon for å sjekka framdrifta til arbeidet.

Grunnmur og drenering

— Eg var der ute. Dei er i gang med å støypa muren, og med forskaling og drenering, seier Ekrheim.

Arbeidet gjekk ut på anbod i fjor vinter, og Ekrheim fortel at selskapet Jostein Myge AS fekk jobben.

— Dei gjer ferdig grunnmur og drenering først, og så tek dei planting av busker og det på overflata etterpå, seier han.

Då snakkar han om planen for korleis det skal verta sjåande ut.

Overlevering 2. mai

— Går arbeidet etter skjema?

— Ja, det gjer det. Dei har ein ferdigdato dei skal halda seg til, og det skal dei nok rekka, seier Ekrheim.

— Når er ferdigdatoen?

— Det er 1. mai. Men sidan det er ein fridag vert nok overleveringa den 2. mai. Eller før om dei er ferdige før, seier han.

For barnehagebarn i Førde er det då berre litt over ein månad igjen til dei får heile uteområdet tilbake.

Powered by Labrador CMS