No er det berre dagar att til valet, og barnehagepolitikken er eitt av dei viktige spørsmåla. Nyleg besøkte vår lokale stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Høgre, Espira Solkroken i Sveio.
Bakgrunnen for besøket var at Stortinget tidlegare i år med klart fleirtal vedtok å innføra ei ordning som sikrar at private barnehagar får dekt dokumenterte pensjonskostnader. Det skulle gje føreseielegheit, tryggleik og likebehandling.
Likevel har Arbeidarparti-regjeringa lagt ut på høyring eit forslag til finansieringsforskrift som bryt med dette vedtaket. Resultatet er uro i sektoren – og fleire hundre barnehagar fekk i fjor ikkje dekt sine faktiske kostnader.
Liv Kari Eskeland uttrykte høgre sitt syn tydleg på at forskrifta regjeringa har lagt fram nå må trekkjast tilbake snarast råd då dette er stikk i strid med stortingsfleirtalet sitt vedtak i barneforliket.
I den lokale barnehagen peika styrar Ruth Vihovde på at sektoren no taper millionbeløp og opplever stor frustrasjon over at pensjonsutgiftene ikkje blir dekte. Ho understreka kor viktig det er med ro og føreseielegheit slik at barnehagane kan arbeida med å rekruttera fleire til yrket og samstundes driva fagutvikling for å skapa eit best mogleg tilbod for borna.
Lars Petter Lie og André Mundal Haukås Sveio Høgre