nyhende
Barnehagane held ope på raudt nivå
Seint onsdag kveld kom meldinga om at ein tilsett i Espira Solkroken barnehage på Ekrene var blitt smitta av korona. Det førte til beslutninga om å halda dei fem skulane i Sveio stengde ut veka, inntil situasjonen er meir avklart.
Den einaste oppdateringa som har kome frå kommunen om smittetilfellet i barnehagen i dag, er at resten av barnehagane i Sveio går over på raudt driftsnivå. Barnehagen med smittetilfelle er stengt ut veka.
– Når me no går over til raudt nivå, er dette med bakgrunn i ei endring i smittesituasjonen og for å sikra vidare drift og opning i den einskilde barnehage, skriv Sveio kommune.
Rødt nivå i barnehagen
Kilde: udir.no |