nyhende

Å kasta frukta i søppelet var aldri eit alternativ ifølgje Ellen Kristine Kjærandsen Hagerup (innfelt bilete). Her har appelsinen fått fint selskap med ein tallerken frå Myklatun ungdomshus, også den av eldre dato.
Å kasta frukta i søppelet var aldri eit alternativ ifølgje Ellen Kristine Kjærandsen Hagerup (innfelt bilete). Her har appelsinen fått fint selskap med ein tallerken frå Myklatun ungdomshus, også den av eldre dato.

Barndomsprosjektet er intakt etter over 40 år

– Mykje rart ein finn i «tølene» frå barndomsheimen, erkjenner Ellen Kristine Kjærandsen Hagerup. Det ho siktar til er ein snart 44 år gamal appelsin.

Publisert Sist oppdatert

Idéen til å gøyma vekk ein appelsin for å sjå kor gamal den kunne bli, oppstod ein gong ho var med ei venninne heim. Madli Eikehaugen kunne nemleg visa fram ein sitron dei hadde hatt i 25 år.

Eksperiment

– Dette blei eg mektig imponert over og fekk lyst å prøva sjølv, fortel Ellen Kristine Kjærandsen Hagerup som var 12-13 år den gongen.

Som tenkt så gjort, ho kjøpte ein appelsin på butikken hos Haugland, skreiv på datoen «05.03.1977», og la den øvst og innerst i eit kjøkkenskap.

– Og her er den – snart 44 år etter, smiler Ellen Kristine som tykte det var morosamt å finna igjen prosjektet sitt frå barndomen.

Fram i lyset

Den «bortgløymde» skatten fekk bli med henne heim til Sandefjord, der den er plassert godt synleg på ei hylle på arbeidsrommet hennar.

– Appelsinen har for lengst gått ut på dato, men for meg var det ein kjekk ting å finna att. Kastast skal den ikkje, for når den har vore med i 44 år, blir den med vidare, fastslår den utflytta førdebuen.

Som ein ser har appelsinen krympa til storleik med ein mandarin. Ellen Kristine Kjærandsen Hagerup har elles dekorert hylla si heime i Sandefjord med ein Haugesundskopp som er over 50 år, eit gamalt eggeglas med reilegg frå far hennar sin barndomsheim i Førde, og eit fingerbøl i sølv som var tante Ellen si konfirmasjonsgåve i 1952 og som Ellen Kristine fekk til sin konfirmasjon i 1979.
Powered by Labrador CMS