nyhende

Knut Trovåg (93) var åtte år då krigen starta. Foto: Irene Mæland Haraldsen / Grannar
Knut Trovåg (93) var åtte år då krigen starta.

Barndomsminne frå krigsåra

Då tyskarane angreip Noreg 9. april 1940 var Knut Trovåg (93) berre ein liten gutunge. Men enkelte minne frå krigsåra set framleis som spikra.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Den 8. mai 1945 kunne det norske folk sleppa jubelen laus og feira at dei tyske militære styrkane hadde kapitulert etter fem år på norsk jord. Igjen kunne det norske flagg heisast i bygd og by, og igjen kunne freden senka seg over landet. I Trovåg budde det ein ung gut på 13 år då gladmeldinga om freden nådde den vesle grenda. Sjølv hugsar ikkje Knut Trovåg at det hende noko spesielt heime på garden ytst på Trovågneset akkurat denne dagen, men i tida like etter frigjeringa skjedde det ting han minnast med stor glede.

— Eg hugsar at me gjekk i tog til skulen og hadde leikar på 17.mai, og at det kom ei snøbyge den dagen. Og etter krigen fekk me amerikapakkar med sjokolade og kler. Og då me fekk tak i ny sykkel var det stor stas, seier Knut Trovåg og kan framleis kjenna på gleda han følte då han kunne trilla sin nye sykkel inn på tunet.

Kvardagsliv

Kvardagen gjekk stort sett som vanleg for folket på Trovåg under krigen. Dyra på garden gav mjølk, kjøt og egg på bordet og frå fjorden kunne dei få fersk fisk til middagen.

— Me hadde nok mat. Me var godt stelt med sjø og gard. Me hadde to til tre kyr, oksar, høns og nokre sauer. Mor spann garn og sydde klede, seier Knut.

Heime på garden dyrka dei også poteter. Det var ei ettertrakta næringskjelde for soldatane og bøndene hadde plikt på seg å levera poteter til tyskarane. Det likte unge Trovåg lite, og ein dag bestemte han seg for å visa si meining.

— Eg hugsar eg tok ein spikar og sette den inn i ei potet slik at tyskarane skulle få noko å bita på, minnest han.

Eit anna minne som beit seg fast i det unge gutesinnet var då familien fekk besøk av ein tysk soldat.

— Eg hugsar ein gong då det kom ein kar og banka på døra. Det var ein tysk soldat som ville kjøpa egg eller kaninar. Far min gjekk ut og sa at me hadde for lite til å selja. Då tok tyskaren opp bajonetten for å skremma far min. Men eg trur ikkje han fekk noko, fortel 93-åringen.

Forbod og påbod

Under krigen fekk alle påbod om å levera inn våpen og radioapparat. Straffa for å gøyme unna våpen kunne enda opp med to år på tukthus.

— Far min hadde ei hagle som skulle leverast inn, men han stakk den opp bak bordkledninga og gøymde den der. Me hadde ikkje radio, men eg eg hugsar det gjekk båtar med peileutstyr inn fjorden for å fanga opp sendarar, fortel Knut.

Mange norske menn kunne bli kalla inn til militærteneste under krigen. I Knut sin familie var det ingen som fekk påbod om å stilla, men ein av naboane og ein kjenning av familien blei kalla inn og sendt til Voss.

— Far fekk beskjed om å vera i beredskap, men han slapp, seier 93-åringen.

Tyske soldatar

Tyske soldatar var eit vanleg syn i Trovåg under krigen, og sitt første møte med krigsmakta fekk unge Trovåg ein dag han var ute på åkeren og hjelpte til.

— Me høyrde at krigen var begynt, og ein dag eg var nede på bakken såg eg ein mann med ei offiserslue. Det var ein tysk offiser som var på jakt etter eit område å byggja skyttargraver, seier Knut Trovåg.

I løpet av krigsåra blei det bygd skyttargraver fleire stader i området. Dei nærmaste låg like ved våningshuset på garden og eit steinkast frå sjøen.

— Tyskarane var redde engelskmennene skulle koma i land her. Det var fleire skyttargraver her og i Isvik. Det var mykje soldatar i Isvik. Dei budde der og hadde brakke der. Og ved bedehuset i Isvik var det sperringar over vegen med piggtråd som tyskarane drog til sides når nokon skulle passere. Og i Skjoldavik var det to sperringar etter kvarandre, fortel Trovåg.

I svingen ved avkøyringa til Trovågvegen sette tyskarane opp ei vegsperring med to meter høge murar på kvar side av vegkanten slik at berre ein bil kunne passera. På toppen av muren var det plasser to såkalla Hitlertenner som kunne vippast med og sperra vegen heilt. I dag er desse støypte blokkene stilt ut i den vesle krigsminneparken i vegkrysset.

Jagarfly og skyteøving

Luftrommet over Trovåg var brukt både titt og ofte av tyske og engelske jagarfly. 93-åringen hugsar godt ein episode då ei rekkje tyske jagarfly fauk så lågt at han kunne sjå kven som sat inne i flyet.

— Då tyskarane inntok Voss i starten av krigen var det mykje trafikk her. Flya følgde fjorden og dei flaug så lågt at me såg piloten. Og ein gong flaug dei så lågt at hønsefjøra fauk, seier han.

Også engelskmennene nytta seg av flyruta over Trovåg.

— Dei engelske jagarane hadde ein annan lyd. Eg hugsar ein kveld det var måneskin då det kom eit fly. Plutseleg høyrde me eit smell. Då var det nok ein tysk båt dei tok i Bømlafjorden, fortel han.

Dei tyske soldatane hadde skyteøvingar med jamne mellomrom og ein gong kunne det gått skikkeleg gale for familien på Trovåg.

— Tyskarane hadde skyteøving på Liaheia og skulle skyta mot Toraneset. Men dei skaut for mykje til høgre og granatane eksploderte på Trovågneset. Far min var nede ved sjøhuset og høyrde det singla i splintar på hustaket, fortel Trovåg.

Heimegarden

Knut Trovåg har budd heime på garden heile sitt liv. I ein alder at 17 år prøvde han lukka på sjøen og i mange år kombinerte han fiske i eigen båt med gardbruk på heimegarden.

— Eg var 17 år då eg reiste på sildefiske og snurpefiske litt seinare. Og eg har hatt 63 vintrar med torskefiske her i fjorden. Då eg overtok garden etter far dreiv eg også gardsdrift. I fleire år var eg medeigar i Trovåg Laks og dreiv litt i fraktebåtbransjen som matros, seier fiskaren og bonden frå Torvåg.

Powered by Labrador CMS