nyhende
– Barndomen i Førde forbind eg med å vera utandørs
Denne vekas sveibu er barnesjukepleiar for Helse Fonna.
– Eg er barnesjukepleiar på barneavdelinga hjå Helse Fonna, på sjukehuset i Haugesund.
– Kva gjer du til dagleg?– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Nærværet til naturen.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, det trur eg ikkje.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det må vera barndomen i Førde, og den forbind eg med å vera utandørs. Me sprang rundt på bakkane utan mobiltelefon, og det er alltid snø om vinteren og sol om sommaren når ein hugsar tilbake.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Flemming Lothe. Eg synest det han gjer for ungdomane er veldig bra. Og så alle foreldre som er med på dugnad for ungane våre. Til dømes trenarar i idretten og alle dei som stiller opp og skaper gode miljø for ungdomane våre.