nyhende

Bilete måla med måling laga av bær som barna har plukka i skogen.FOTO: PRIVAT
Bilete måla med måling laga av bær som barna har plukka i skogen.

Barna laga kunst med blåbærmåling

Med måling laga av blåbær dei har plukka i skogen, og med andre tung frå naturen og gjebruksmaterialar, har barna i Sveio barnehage laga kunst.

Publisert Sist oppdatert

I to veker har ungane i Sveio barnehage fått eit innblikk i kunsten si verd.

— Det er ein årleg tradisjon me har her i barnehagen, fortel pedagogisk leiar Hilde Lønning.

Natur og gjenbruk

I år har det vore fokus på natur og gjenbruk under kunstvekene. Dei har mellom anna laga «heimelaga» måling, kor blåbær dei har plukka i skogen har vore ein viktig ingrediens. Laukskal har også vore brukt for som fargeingrediens. Heimelaga kolstiftar, basert på pinnar og greiner, har dei også laga.

Pappa Ronny Bøhn og farmor Anne Kari B. Brakedal var innom kunstutstillinga saman med Rubie Annabelle Bøhn, Raylee Ariana Bøhn og Rianne Ailee Bøhn.(

— Ungane har vore med på heile prosessen, fortel ho.

Inviterte familie

Torsdag inviterte dei foreldre, søsken og andre familiemedlemmer på utstilling i barnehagen, kor gjestene ikkje berre kunne sjå kunstene ungane hadde laga, men også nyte frukt.

Ugle laga av dorull.

— Det var godt besøk, og me fekk mange gode tilbakemeldingar, fortel Lønning.

Kunstverka fekk ungane ta med seg heim fredag.

Powered by Labrador CMS