nyhende

Norske barn ønskjer seg mindre skjerm og meir leik, ifølgje ei ny undersøking. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Norske barn ønskjer seg mindre skjerm og meir leik, ifølgje ei ny undersøking.

Barn ønskjer seg reglar for foreldres skjermbruk – over halvparten kjenner seg oversett

I ei ny undersøking svarer over halvparten av barna at dei har opplevd å bli oversett når foreldre brukar skjerm. – Urovekkjande, seier barneombodet.

Publisert Sist oppdatert

To tredelar av barna som er spurde i undersøkinga «Barnebarometeret», som Barneombodet legg fram tysdag, svarer at dei opplever at foreldra bruker skjerm når dei skal gjere ting saman.

– Vi har i ei årrekke diskutert barns bruk av skjerm. Men denne undersøkinga viser at foreldre sjølv ikkje greier å leggje frå seg skjerm og mobil når dei er saman med barna, seier barneombod Mina Gerhardsen.

 – Det er urovekkjande at foreldra sin skjermbruk blir trekt fram som så negativt, seier ho.

– Ta internett frå alle

Barna vil ikkje berre at foreldra skal vere meir til stades. Mange vil også sjølv bruke mindre tid på skjerm og at venner skal vere meir avlogga.

Ifølgje tal frå Medietilsynet bruker halvparten av norske niåringar sosiale medium. I den nye undersøkinga svarer likevel ein tredel av barna som er ni og tolv år gamle at dei ønskjer å bruke sosiale medium mindre, og at vennene skal bruke mindre tid på nett.

– Ta internett frå alle, så ein kan vere ute å leike saman, svarte ei jente på ni år i undersøkinga.

67 prosent av barna ønskjer seg også meir aktivitet, leik og praktisk undervisning på skulen og ein betre balanse mellom fritid og skule.

Fritt fram for skulane

Ikkje uventa er også mobbing høgt på dagsordenen, og 59 prosent av barna meiner at dei vaksne må følgje endå meir med og fange opp mobbing i skulen.

Barneombodet meiner mobbetala i Noreg er altfor høge og at det er viktig med målretta tiltak.

– Vi må bruke den kunnskapen vi har, som vi veit verkar, og det er systematisk oppfølging i kvardagen. Slik det er no – er det fritt fram for skulane å velje kva tiltak dei vil bruke, seier Gerhardsen.

Besøkte skular

1400 barn frå 5. til 7. klasse har svart på Barnebarometeret. I arbeidet med undersøkinga har Barneombodet besøkt skular i Tønsberg, Oslo, Trondheim og Kautokeino der elevar har fått fortelje kva som er viktig for dei for å trivast på skulen og å ha det fint på fritida.

– Det er heilt avgjerande at vi har god innsikt og kunnskap om barns kvardag slik vi kan ta betre avgjerder på vegner av barna. Målet er at Barnebarometeret skal vere ei undersøking vi gjennomfører med jamne mellomrom, seier Gerhardsen.

Powered by Labrador CMS