nyhende

Barn og skjermtid: Kor mykje er eigentleg for mykje?

Kva er passeleg tidsbruk på skjerm? Korleis set du – og følgjer opp – grenser? Korleis kan barn og unge handtere nettmobbing, trolling, pornografi, grooming, svindlarar og ekstremistar – og korleis bør du som vaksen prate med poden om alt dette? Medievitar Magnus Hoem Iversen har mange av svara.

Publisert Sist oppdatert

– Eg hugsar godt eg låg på sofaen. Tv-en var på og gutane laga full rulle i stova. Så tikka det inn ei pushmelding der det stod at småbarn ikkje skal ha skjermtid i det heile. Då tenkte eg ja, greitt, i ei utopisk verd – men eg treng faktisk litt «Minibarna» på NRK innimellom. Det må då finst ein mellomting ..?

Som pappa til to gutar på tre og seks år er ikkje Magnus Hoem Iversen (38) aleine om å kjenne på frustrasjon over Helsedirektoratet si restriktive haldning til skjermbruk.

For mykje tid

Samstundes fryktar rundt halvparten av norske foreldre at ungane brukar for mykje smarttelefon og internett, at dei speler for mykje dataspel eller skal bli kontakta av ukjende over nett. Med ein doktorgrad i medievitskap fall det difor Hoem Iversen naturleg å undersøkje om dei generelle råda heldt vatn.

Resultatet er blitt til boka «Skjermtid. Nødhjelp til frustrerte foreldre». Der har han djupdykka i det som finst av forsking om barn og skjermbruk og kva for dokumenterte effektar bruken har i dei ulike aldersgruppene.

Frå mobbing til grooming

Målet med boka er ikkje berre å fjerne foreldra si uro, men også å bidra med heilt konkrete råd, seier Hoem Iversen. I motsetnad til råda frå styresmaktene, handlar Hoem Iversen sitt bidrag i debatten om langt meir enn alltid å avgrense skjermbruken mest mogleg.

Råda er også tilpassa ulike alderssteg frå småborn til tenåringar. I boka freistar han å gje svar på alt frå kva som eigentleg er rett tidsbruk og kor mykje som er for mykje. Ja, og korleis set du – og følgjer opp – grenser? Korleis kan barn og unge handtere alt frå nettmobbing, trolling, pornografi, influensarar, grooming, svindlarar og ekstremistar – og korleis bør du som vaksen prate med poden om alt dette?

I 2024 er ungane på skjerm, anten me likar det eller ikkje. Medietilsynets «barn og medium»-undersøkingar viser til dømes at nær halvparten av norsk ungdom i snitt brukar fire timar eller meir kvar dag på elektroniske skjermdingsar. I tillegg brukar mange elevar skjerm i skulen.

Litt under halvparten av barn mellom eitt og fem år ser også på TV, film eller seriar kvar dag. Ein firedel ser på YouTube, og dei fleste ser på NRK Super (65 prosent). Ein tredel er på strøymetenester som Netflix, Disney eller YouTube, og det vanlegaste er å sjå teiknefilmar. 27 prosent av foreldra til barn mellom 9–10 år melder om konflikt rundt tidsbruken på dataspel, og 23 prosent om konflikt rundt tidsbruken på YouTube.

Må sette grenser

– Ei undersøking viser òg at berre to av tre barn går til foreldra viss dei opplever noko ubehageleg på nett. Det fortel meg at vi ein stor jobb å gjere som foreldre, og den jobben greier vi ikkje viss vi berre set grenser. Vi må snakke med ungane om deira digitale barndom og engasjere oss i interessene deira i «uskarpe» kvardagssituasjonar – slik at vi har tillit når dei opplever noko ubehageleg eller skummelt, seier han.

– Du skal sjølvsagt setje grenser for skjermbruken til barna, men det bør ikkje ta meir enn ti prosent av foreldreenergien din. Dei resterande 90 prosentane skal du bruke på å interessere deg og spørje og grave og vise like mykje interesse for ungane sin digitale kvardag som det du gjer for livet deira i barnehagen, på skulen og ute med vener: Kva synst du er kjekt på nett? Kva har du bygd i Minecraft i dag? Kva får deg i godt humør når du er på internett? Kva gjer deg trist eller redd? Kva gjer dei andre i klassen på nett?

Telefon frå ti år

Medietilsynets undersøkingar viser også at 85 prosent av barn har eigen mobil når dei er mellom ni og ti år. Fire prosent får mobil før dei fyller seks, 23 prosent når dei er seks eller sju og 22 prosent når dei er åtte. Berre ti prosent får telefon etter at dei har fylt elleve år.

Det er tidleg, vedgår Hoem Iversen. På ein og same smarttelefon kan barn sjå både søte kattevideoar og brutale videoar av drap. På same måte kan dei bruke telefonen til å flørte og å mobbe andre, lære korleis dei skapar noko nytt og bli grundig feilinformert av falske nyheiter.

Lære å navigere trygt

Det er i dette landskapet både foreldre og barn må lære å navigere trygt. Og samstundes: Om barna må vente for lenge på mobiltelefon, kan dei falle utanfor fellesskapa andre ungar dannar på gruppechattar eller hamne bakpå i utviklinga av digital kompetanse.

– Sjølv om noko er typisk og vanleg, treng ein ikkje å vere samd i praksisen. Ti år synst eg er ganske vondt å svelge, altså, men så har eg ikkje fått så gamle barn enno. Når det gjeld smarttelefon, er det like viktig å tenkje over kva du bør prate med barnet om året før han eller ho får telefon, og kva for appar og teknikk du sjølv vil ha kontroll på. Då må du google deg fram og lese deg opp, og laste ned og teste ut dei appane du vurderer å la barnet bruke.

Teknologien kan hjelpe

I boka forklarar han også korleis du som forelder kan nytte teknologien til å sette grenser ved hjelp av foreldrekontrollane på TV, nettbrett, smarttelefonar, pc-ar og i nettlesarar.

– Barn treng varierte aktivitetar, og det største problemet med skjermane er at dei kan fortrengje andre ting. Det beste du som forelder kan gjere, er difor å kjenne etter korleis tidsbruken faktisk er: Har vi hatt ei roleg stund rundt middagsbordet? Søv ungane godt om natta? Har dei vore saman med venner? Har dei vore ute og leika? Har vi lese bok? Har vi som familie snakka saman? Viss fleire av svara er «nei», må ein kanskje ta litt grep og tenkje nytt om strukturen på kvardagen.

Aktiv saman

Å tenkje mindre på kvantitet og meir på kvalitet, er ein viktig nøkkel til sunnare skjermbruk, understrekar forfattaren. Det er stor forskjell på bruke skjerm åleine og å bruke han saman med ein vaksen, som pratar om det som skjer. På same måte som det er skilnad på passiv skjermbruk (sjå ein video) og aktiv skjermbruk (dataspel eller chat).

Forskarane skil også mellom tilfeldig, ustrukturert skjermbruk («ja, berre bruk nettbrettet du») og på skjermbruk med eit formål («no skal vi lære oss å bygge fly»). Ein kan heller ikkje samanlikne innhald som er pedagogisk eller kvalitetssikra (NRK Super) med innhald utan læringsverdi (som mange videoar ein finnar på nett).

Oppsummert tilrår difor Magnus Hoem Iversen at ein avgrensar den passive eller meir tilfeldig aleinetida ungane har med skjerm, og i staden legg til rette for at skjermen blir brukt sosialt, aktivt eller til å lære eller undersøkje noko.

Setje foten ned

Sjølv synst han det er kjempegøy å spele Minecraft med seksåringen sin.

– Han lagar feller til meg heile tida, og brukar lang tid på å planleggje korleis han skal lokke meg inn i eit rom for å stengje meg inne. Han ler seg i hel kvar gong han greier det. Det er noko heilt anna at vi sit saman slik og tullar og kosar oss, enn om han sit aleine i eit hjørne i sofaen og er på Switch.

– Kva slags innhald bør ein setje foten ned for?

– Om du ikkje ser på skjermen saman med barnet, bør du sitje i bakgrunnen og følgje litt med. Du kjenner det ganske fort i magen viss noko er ugreitt, anten innhaldet er valdeleg eller veldig fordummande. Då må du seie det som det er; til dømes «Dette synst eg ikkje det er greitt at du ser på. Eg synst det er betre når du ser på ting du kan lære av eller som er gøy eller koseleg. Skal vi heller setje på denne?» Det er ikkje alltid barnet er samd, men nokre gonger må dei vaksne bestemme. Samstundes er det alltid fint å gi gode grunnar for kvifor ein bestemmer noko.

Nær halvparten av norsk ungdom brukar i snitt fire timar eller meir kvar dag på skjerm utanom skuletida. Litt under halvparten av barn mellom eitt og fem år ser også på TV, film eller seriar kvar dag.
Helsedirektoratet meiner barn under to år ikkje bør sjå på skjerm i det heile, og at barn opp til fem år bør ha maks ein time skjermtid om dagen. Magnus Hoem Iversen meiner råda er både innhaldsfattige og meir forankra i eit føre-var-prinsipp enn i forsking
Powered by Labrador CMS