nyhende
Barn byter ut leik i skogen med skjerm
Barn og unge bruker stadig mindre tid ute i naturen, viser ein ny studie. Forskarane åtvarar mot konsekvensane og meiner vi må endre haldningar og kvardagsrutinar.
For ti år sidan leika halvparten av norske skulebarn i skogen eller andre naturområde minst ein gong i veka. No oppgir berre tre av ti at barna leikar fritt i naturen, viser studien frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).
– Leik og opphald i naturområde taper terreng til skjermbruk, skulearbeid og organiserte fritidsaktivitetar, seier forskar Vegard Gundersen i NINA, hovudforfattar av den nyleg publiserte studien, i ei pressemelding.
Foreldre nemner også sin eigen travle kvardag som ei av årsakene til at barna er mindre ute i naturen.
– Det handlar ikkje først og fremst om tilgang til natur. Dei aller fleste barna i Noreg har gode naturområde i nærleiken. Problemet er at barna ikkje har tid eller motivasjon til å bruke dei, forklarer forskar Berit Köhler i NINA, medforfattar i studien.
Ifølge forskarane kan mindre tid i naturen ha negative følger for den fysiske og psykiske helsa til barn, og dessutan påverke korleis kommande generasjonar forheld seg til natur og miljø.
Dei meiner at løysinga ikkje berre ligg i å legge til rette for fleire uteområde, men i å endre haldningar og kvardagsrutinar og nemner skular, barnehagar og organiserte fritidsaktivitetar som kan spele ei nøkkelrolle ved å gi barna meir tid og rom for fri leik utandørs.