nyhende

Bård Bjørnevik Skogen. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Bård Bjørnevik Skogen.

Bård Bjørnevik Skogen: – Eg likar eigentleg Noreg best om sommaren

Bård Bjørnevik Skogen er ein profesjonell golfspelar frå Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Kva er det beste du veit med sommaren?

– Det beste eg veit med sommaren, må vera å kunna nyta litt kald drikke i fint vêr.

Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?

– Eg har eigentleg ikkje nokon spesielle sommartradisjonar, men eg likar gjerne å få med meg VM-finalen dei somrane det er. Og så spelar eg sjølvsagt ein del golf.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det er vanskeleg å seia, men det har alltid vore veldig kjekt å delta i lag-NM med Haugaland golfklubb dei gongene eg har vore med der.

Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?

– På mat må det nok vera iskrem, gjerne cookie dough eller cookies and cream – men all iskrem er godt. På drikke må det vera ein iskald brus.

Kva skal du bruka sommaren på i år?

– I år blir det mykje golf. Eg skal reisa rundt i Europa – mykje i Mellom-Europa og på dei britiske øyane.

Kva er din draumeferiedestinasjon – og kvifor akkurat dit?

– Eg likar eigentleg Noreg best om sommaren – gjerne vera litt i Sveio og andre stader, og besøke bror min i Oslo.

Powered by Labrador CMS