nyhende

Golfspelaren Bård Bjørnevik Skogen i aksjon i USA sist haust.Foto: Texas Tech Athletics
Golfspelaren Bård Bjørnevik Skogen i aksjon i USA sist haust.

Bård (20) frå Sveio nærmar seg verdas beste

Bård Bjørnevik Skogen (20) frå Sveio lever golfdraumen i USA. Målet er å kunne leve av idretten, som profesjonell spelar i PGA-sirkuset.

Publisert Sist oppdatert

— Det var litt uvant i starten, men no har eg vent meg til å bo i USA, smiler Bård Skogen.

Vestavind treff 20-åringen på juleferie heime hos foreldra. Huset deira ligg eit lite golfslag frå hol nummer éin på banen golfparken i Sveio. Det var her han for alvor byrja å dyrke sporten sin, då heile familien kom flyttande frå Etne for 10 år sidan.

I utgangspunkt flytta familien for å kome nærmare familien til mamma og pappa, som begge er frå Haugesund.

— Men det var vel ikkje heilt tilfeldig at dei valde å bygge hus akkurat, her medgir golftalentet.

Første slag som 3-åring

For Bård vart presentert for golfkøller av plast då han var 3 år og gjekk og slo ballen på ekrene til morfaren. Den unge guten vart hekta, og viste snart eit stort talent for idretten. Og sjølv om han var innom både fotball og bordtennis undervegs, så var det golfen som fascinerte han mest.

Etter å ha gått på Wang toppi- drettsgymnas i Oslo nokre år, pakka han hausten 2020 golfbagen og sette seg på flyet til USA. Der sette han så kurs for byen Lubbock i delstaten Texas. Byen huser eit av dei beste idrettsuniversiteta i landet, Texas Tech University. Skulen har mellom anna eigne lag i Amerikansk fotball, baseball, basketball, tennis – og ikkje minst golf.

Fekk spele fire av fire

I tøff konkurranse med mange andre håpefulle studentar frå heile verda, har sveibuen etablert seg blant dei best golfspelarane ved skulen. Med særs gode resultat å vise til, fekk han sist haust spele fire turneringar av fire mogelege. Skulen har berre høve til å sende fem spelarar til kvar turnering. Spelarane er rangert, og

Skogen har som regel vorte plukka ut som fjerdemann.

Og han har grepe kvar sjanse, og prestert godt. Mellom anna med to topp 10-plasseringar. Den eine gongen vart han til og med nummer to, og den prestasjonen kjem med straks tilbake til.

Til vinteren og våren ventar inntil 10 turneringar. Dei fleste turneringane Skogen skal spele blir arrangert i Texas. Men også Florida, California og Hawaii står på terminlista i månadane som ventar.

— Hawaii er 10. februar. Det trur eg blir kjempekult. Det ser heilt rått ut der, seier Skogen.

Norsk forbilde

Bård Skogen er fire år yngre enn landsmannen Viktor Hovland (24), som dei siste par åra har sete seg i respekt hos verdseliten i PGA (Professional Golfers’ Association). For tida er Hovland rangert som verdas sjuande beste profesjonelle golfspelar.

Skogen, som enno er amatørspelar, har levert enkeltprestasjonar som tidvis er like gode som dei Hovland hadde på same alder.

— Det har vore veldig inspirerande å følgje med på det Hovland har gjort på vegen dit han har kome i, dag seier Skogen.

Han meiner at det er ein stor fordel å ha ein nordmann som presterer blant dei beste i verda å sjå opp til.

— Fordi ein kjem tettare på, og enklare kan sjå kva grep han har tatt undervegs og kva dei har betydd for utviklinga, enn ein kan med utanlandske spelarar, seier han.

Skogen er tydeleg på at det krevjast mykje meir trening før han sjølv kan vere nivå med Hovland og dei andre PGA-spelarane.

— Då må du vere stabil på eit ekstremt høgt nivå. Eg har eit ekstremt høgt nivå inne, men eg er ikkje i nærleiken av vere stabil nok, seier han.

Det handlar om få dei dårlegaste rundane til å bli betre.

— Om eg til dømes speler 78 slag på ein dårleg runde der eg er no, handlar det om å få det talet ned til 73 eller 74, forklarar han.

Men framgang har han. Sveibuen har akselelert på lista over verdas beste amatørspelarar. Frå om lag 300. plass eit par år tilbake til rundt 150. plass i fjor. I skrivande stund er han rangert som den 77. beste.

Vart Instagram-hit

Så tilbake til den nemnde andreplas- sen. Det var i september i fjor, og Bård Skogen var så nærme det er mogeleg å kome å få spele i ei PGA-turnering for fyste gong. Han kjempa om sige- ren i omspel mot ein annen spelar.

Det som skulle bli den nest siste ballen måtte han slå frå ei sandgrop, noko som er krevjande. Enklare blir det ikkje når holet i praksis er ute av syne. Men så skjedde det utrulege. Skogen fekk kjempetreff. Ballen gjekk i ein flott boge opp frå gropa og inn på greenen. Ikkje nok med det.

Ballen trefte flaggpinnen. Men i staden for å lande ned i holet, spratt den litt tilbake og landa nokre millimeter frå holkanten. Hadde ballen ramla ned i holet, hadde det venta omspel i ein kamp kor siger ville gitt invita- sjon til ei PGA-turnering i Houston.

— Korleis er det mogeleg at ikkje ballen ender i holet, seier NBC Golf Channel sin sjokka kommentator i eit klipp som ligg ute på Instagram-kontoten til Texas Tech.

Videoklippet er spelt av over 4.000 gonger.

— Det var surt der og då. Men i ettertid tenkjer ein ikkje så mykje på det. Men joda, eg har hatt tid til å sjå video av den ballen som treff stanga ein heil del gonger, ler han.

— Fortel den hendinga noko om kva du er kapabel til?

— Som idrettsutøvar trur du gjerne at du kan utrette store ting. Men det er framleis eit godt stykke fram for å kome på nivået til dei aller beste, svarar han.

No håpar han at det å flytte til USA er eit rett val for å nå draumen om å bli profesjonell golfspelar. Då handlar det om prestere også utover vinteren og våren i dei komande turneringane.

— Om du leverer konstant dårlege resultat vil ikkje skulen ha deg med. Då blir du sett på sidelinja. Det er den store skilnaden frå Noreg, kor ein er meir opptatt av at du utviklar deg undervegs. For meg handlar det om å finne ein metode kor eg både kan sjå på kva som skal til for å ut- vikle meg til Viktor Hovland sitt nivå, samstundes som eg må levere der og då i turneringane for skulen, seier han.

I 2024 er Skogen etter planen ferdig på skulen i USA. Og det er då han seg føre seg at han får svaret på om han kan leve av å spele golf.

— Tenkjer eg i 2024 at det er fem år til eg er ein PGA-spelar, så kan det fort vere at golfkøllene går på hylla.

Men om vurderinga at derimot er at eg kan vere der om tre år, vil det vere greitt å satse vidare, trur han.

Fekk stipend frå Vestland

Rik har han ikkje blitt på golfspeling. Medan verdas beste profesjonelle spelarar kan tene millionar på pre- miepengar og sponsorkontraktar, må amatørane ta til takke med smular. Og dei har ikkje lov til å ta i mot spon- sorar. Difor var Skogen glad då han nyleg fekk idrettsstipend på 40.000 kroner frå Vestland fylkeskommune.

— Det er viktig og kjem godt med. Eg er takknemleg for all slik støtte. At dei ser på meg som et idrettsnamn frå litle Sveio, og vil støtte meg, er kult, seier han.

Og om golf-eventyret Skogen lev no er til inspirasjon hjelper på re- krutteringa til golfsporten på i Sveio og i regionen elles, så vil det gle han.

— Det er kult om Sveio blir ein plass som dyrkar fram golfspelarar i framtida, seier han.

Bård Bjørnevik Skogen jobbar målretta for å nå draumen om å bli profesjonell golfspelar.
Bård Bjørnevik Skogen heime på juleferie i Sveio, kor foreldra bur vegg i vegg med golfparken. Om nokre veker er golf-turneringane i USA i gang igjen.

Kvardagen i USA:

Slik ser ein vanleg dag ut for Bård:

06.00 Vekkarklokka ringer
06.10 Avreise til treningsstudio
06.30 Fysisk trening
8.00 Frukost
9-12.00 Skule
13.00-14.00 Eigentrening på golfbanen 14.00-18.00 Lagtrening på golfbanen 18.00-18.45 Eigentrening på golfbanen 19.00 Middag og kvile

Powered by Labrador CMS