NPK-NTB: På to år er BankID-svindel tidobla. Ekspertar seier svindlarar og tjuvar har vorte meir oppfinnsame og spekulative.
– Sidan 2020 har vi sett ei tidobling i talet på personar som har fått kontoane sine tømt etter svindel med BankID, seier Tina Jerstad i Tenerity, eit selskap som hjelper folk som har vorte ramma av ID-tjuveri, til Finansavisen.
Ho er ikkje spesielt optimistisk for utviklinga.
– Vi forventar at trenden vil auke i tida framover og Økokrim seier det same i trusselvurderinga si for 2022, seier Jerstad.
– Svindlarane gir seg ut for å vere ein du kjenner eller stoler på og svindlarane klarer å få eit uvitande offer til å gi frå seg kontrollen over nettbanken ved å godkjenne tilgang via BankID. Deretter kan bankkontoen tømmast, seier Jerstad.
Ho fortel at det spesielt er folk over 60 som har vist seg å vere sårbare for denne typen svindel.
Ei undersøking Norstat har utført for Frende viser at heile ni av ti har vorte kontakta av svindlarar.
– Forsøka går føre seg i ulike kanalar, som e-post, SMS eller telefon, seier Tron Ingebrigtsen, ITtryggingssjef Tryggingssjef i Frende Forsikring.