nyhende

Norske bankar blir heile tida utsette for angrep. Noregs Bank og Finanstilsynet jobbar difor kontinuerleg med betalingsberedskapen dersom alle elektroniske betalingsmåtar skulle bli slått ut samtidig. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK
Norske bankar blir heile tida utsette for angrep. Noregs Bank og Finanstilsynet jobbar difor kontinuerleg med betalingsberedskapen dersom alle elektroniske betalingsmåtar skulle bli slått ut samtidig.

Bankane under angrep: Dette er betalingsløysingane når nettet kneler

Dei fleste har fått med seg at det er lurt å ha bunkra opp med hermetikk og vatn. Ikkje like mange har tenkt på korleis dei skal kunne handle om heile betalingssystemet ligg nede.

Publisert Sist oppdatert

Nye tiltak

  • For å sikre endå tryggare og enklare betalingar, la eit regjeringsoppnemnt utval i fjor fram ei utgreiing der det mellom anna vart føreslått å utvide tidsavgrensinga på offline-betalingar.
  • Finansdepartementet sette også ned ei arbeidsgruppe som har vurdert beredskap, funksjonalitet og risiko i det digitale betalingssystemet.
  • Også dei har foreslått tiltak som kan gi auka betalingstryggleik i ulike scenario. Framlegga ligg no i Finansdepartementet til behandling.

Norske bankar blir heile tida utsette for angrep frå utanforståande. Noregs Bank og Finanstilsynet jobbar difor kontinuerleg med betalingsberedskapen og reserveløysingar dersom til dømes alle elektroniske betalingsmåtar skulle bli slått ut samtidig, fortel Olav Johannessen i Finanstilsynet.

Beredskapsløysingar for betaling

I dag kan ein mellom anna betale med kort på utsalsstader sjølv om terminalen er offline. Offline-løysinga er kalla STIP (stand in processing). BankAxept har i tillegg ei reserveløysing som gjer at korta kan nyttast inntil seks timar dersom det ikkje er kommunikasjon mellom terminalen og banken eller ein anna såkalla innløysar.

Kor mykje ein kan handle for og kor lenge ein kan handle offline med STIP-løysinga varierer mellom dei ulike kortløysingane, seier Johannessen til Nynorsk pressekontor:

– For nødvendigheitsvarer som mat, drivstoff og medisinar er det ei utvida reserveløysing som kan nyttast inntil sju dagar for dei som har knytt til seg til STIP-løysinga. Bankane skal også ha løysingar for å møte auka etterspurnad etter kontantar. I tillegg er nokre butikkjeder i ferd med å utvikle eigne beredskapsløysingar for betaling. Norgesgruppen er til dømes kommen langt i dette arbeidet, fortel Johannessen, som leiar seksjon for IT og betalingstenester i tilsynet.

Om betalingsterminalen er offline, kan ein mellom anna betale for heilt naudsynte varer med kort offline i opptil sju dagar.

Trugar stabiliteten

Johannessen påpeiker at også finansføretaka sjølve arbeider jamt med å styrkje sitt eige forsvarsverk. Arbeidet skjer både internt i føretaka og gjennom samarbeid med næringa og styresmaktene.

Finanstilsynet kontrollerer i sin tur jobben som blir gjort:

– Vi følgjer opp føretaka gjennom løpande tilsyn og ser til at dei etterlever krava til god styring og kontroll med IKT-verksemda si, mellom anna innanfor tryggleik og kriseberedskap. Dette gjeld også der føretak har utkontraktert delar eller heile IKT-verksemda si.

– Vi har særleg merksemd på risiko- og sårbarheitsområde som kan medføre alvorleg svikt eller store forstyrringar i den finansielle infrastrukturen. Det kan utgjere ein trussel for heile den finansielle stabiliteten, forklarar Johannessen.

Tenk krisecash

Trass i fleire enkelthendingar, meiner Johannessen at dagens finansielle infrastruktur både er robust, sikker og effektiv.

Han oppmodar likevel alle innbyggjarar til å tenkje eigenberedskap også når det gjeld betaling:

– Finanstilsynet støttar råda frå Noregs Bank og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap om eigenberedskap for betalingar. Ein bør ha konto i fleire bankar, fleire ulike debet- og kredittkort, i tillegg til kontantar i ulike og gjerne mindre verdiar. Det er vanskeleg å talfeste eit eksakt beløp på kor mykje ein bør ha, men vi tilrår likevel ikkje at ein har store summar heime, seier Johannessen.

Powered by Labrador CMS