nyhende

Else Mønnich Egenberg oppfordar til å fylla bilen med ting du vil selja og bli med på baklukesal til inntekt for Valestrand kulturkyrkje.

Baklukesal til inntekt for kulturkyrkja

Har du ting og tang du kan tenka deg å bli kvitt? Søndag 22. mars kan du slå to fluger i ein smekk, og samtidig bidra til drifta av Valestrand kulturkyrkje.

Publisert

Om du lurer på kva eit baklukesal er, så er det loppemarknad frå eigen bil. Haugesund har hatt det i ein del år, men då går inntekta til den enkelte seljaren. Søndagens baklukesal på parkeringsplassen ved Valestrand kulturkyrkje har ein annan vri.

Alt mogeleg kan seljast

– Det kostar å halda kyrkja ved like, og me ser på alle moglegheiter for å få inn midlar. Då kom ideen om å prøva baklukesal der ein ikkje sel ikkje for seg sjølv, men gir inntekta til kulturkyrkja. Samstundes som ein får rydda litt i skuffer, skap, boder, kjellar og garasje, seier Else Mønnich Egenberg i styret for kulturkyrkja.

– Kva kan ein selja?

– Alt mogeleg ein får plass til i bilen. Til dømes koppar og kar, tekstilar, klede, sportsutstyr, syklar og møblar. Det kostar ingenting å vera med, seier Egenberg.

Utekafe

Baklukesalet startar etter gudstenesta søndag og held på i tre timar. Det blir også kafe ute der ein kan handla noko å eta og drikka innimellom sal til ei god sak og triveleg drøs med andre som er der. 

– Så vidt eg kjenner til er det første gong baklukesal på denne måten blir gjort i Sveio. Me håper at folk stiller opp for ei god sak, avsluttar Egenberg.

Har du ting du vil selja, men ikkje vil gjera det sjølv, kan du levera det til kyrkja. Ta kontakt med prest Trude-Christina Helgesen Halvorsen for å avtala nærare.

Powered by Labrador CMS