nyhende
Badstove-boom i by og bygd
Dei siste åra har det poppa opp med kommersielle og offentlege badstover over heile landet. Norges Badstulaug meiner ei sveitte-bølgje har skylja over oss.
– Vi har sett ei stor oppblomstring av naturnære badstover. Kombinasjonen av sjø- og kaldvassbading med sveitting har blitt kjempepopulært. No finn vi badstover i den inste fjord og på dei høgaste fjell, fortel generalsekretær Stig Arild Pettersen i Norges Badstulaug til Nynorsk pressekontor.
Badstulauget er ei nasjonal foreining. Hovudoppgåva deira er å spreie kunnskap rundt gleder og fordelar ved å gå i badstove – både når det gjeld folkehelse, lokalsamfunnsutvikling og det sosiale aspektet. Både privatpersonar, bedrifter og foreiningar kan vere med og lauget har i dag 112 medlemmer.
Tradisjonen som forsvann
Opphavleg hadde Noreg ein sveitte-kultur allereie i vikingtida og truleg endå tidlegare. Det har blant anna blitt skriftleg dokumentert av skalden Snorre Sturlason. Pettersen i Badstulauget fortel at mykje av den gamle kulturen forsvann under reformasjonen. Andre land – og då kanskje særleg Finland mista aldri tradisjonen sin, og har halde han levande fram til i dag.
– Det har gjort at vi nordmenn har kunna starta meir med blanke ark og har meir fridom til å gjere som vi vil. Difor har den aukande interessa i Noreg dei siste åra vore kjempegøy. Utviklinga er kjenneteikna av naturnære badstover med utsikt, fellesskap og glede. Folk har kunna bygge sin eigen tradisjon og ikkje vore bundne av reglar slik dei til dømes er i Finland.
Sauna er blitt verdsomspennande
Pettersen meiner likevel at vi har mykje å lære av naboane våre i aust.
– Finnane er utruleg dyktige på å skape gode sveitteopplevingar, men utfordringa er dei strenge reglane som har vakse parallelt med den lange badstovetradisjonen deira. Når det gjeld å bygge best mogleg er dei i førarsetet og der er det berre for oss å suge inn kunnskap om både design, teknologi og innovasjon, konkluderer badstulaug-leiaren.
Den sterke finske tradisjonen har òg ført til at ordet sauna har blitt eit verdsomspennande namn.
– Det mange ikkje tenker på er at sauna eigentleg berre er namnet på den finske badstovekulturen og det finske badstovebygget. Den norske badstova og den finske saunaen er berre to variantar av den same sveittekulturen.
Sosialt i mobilfri sone
Pettersen peikar på at den aukande interessa for å ta sveittebad passar godt inn i fleire av megatrendane som har prega oss dei siste åra.
– Det handlar om helse – å ta vare på seg sjølv. Så er det digital detox: Badstova er no det einaste rommet der vi ikkje har med oss mobilen, så du får «fri» frå det digitale. Samstundes kan du ha det sosialt. Det har blitt eit heilt unikt rom for å kunne komme i kontakt med andre menneske på ein naturleg og fri måte. Vi høyrer stadig om vaksne folk som får seg nye venner og det er nokre av dei vakraste historiene, fortel han.
I tillegg har det vore ei veksande interesse for friluftsliv generelt.
– Og der passar badstovene heilt perfekt inn – nettopp fordi dei er så naturnære. Badstove er friluftsliv!
Badstulaug-leiaren meiner det ikkje er dei yngste, og heller ikkje dei eldste som har gått i bresjen for trenden.
– Folk i 30- og 40-åra har gått føre. Dei er på ein stad i livet kor dei arbeider mykje og har familieplikter. Dei treng det pusterommet. Så har vi sett at dette har breia seg veldig ut, og at også dei eldre og dei yngre har blitt med. Dette er no blitt ein trend på tvers av generasjonar, kjønn og etnisitet, fortel den engasjerte generalsekretæren.
Feriar er høgsesong
Ved Jølstravatnet i Sunnfjord møter vi Harald Otterstad. Han er ein av gründerane i Fyrig Sauna, som starta badstoveverksemd ved vatnet i april i fjor.
– Hovudmotivasjonen var å skape eit godt saunatilbod og ha moglegheit til å bruke det sjølv innimellom, fortel Otterstad til Nynorsk pressekontor.
Dei har hatt ein del svingingar gjennom det første driftsåret, og opplever størst interesse i feriar og høgtider.
– I fjor sommar hadde vi veldig godt belegg, spesielt i juli. Då var om lag halvparten av dei besøkande utanlandske turistar. Vi ser at dei verkeleg omfamnar den saunakulturen som finst i Noreg no. Det har nok samanheng med nærleiken til naturen, som ofte er det dei vil oppleve mest mogleg av når dei er her i landet, seier Otterstad.
– I jula og påska var det òg bra. Då var det mange med lokal tilknyting som besøkte oss.
Mogleg utviding
Sveittebadet ved Jølster er bygd slik at både booking og bruk skjer utan innblanding frå tilsette.
– Du legg inn ei tid i bookingsystemet vårt og viss omnen ikkje allereie er varm så får du ikkje lov å komme før om to timar. Når bestillinga er gjort varmar omnen seg opp til 80 grader automatisk og låsen på døra opnar seg, fortel gründeren.
Mange saunaer kan ha vedfyring som oppvarming. Badstova ved Jølstravatnet har derimot elektrisk omn, men straumutgiftene har førebels ikkje vore avskrekkande.
– Vi er nok heldige med ei plassering utanfor områda med dyrast straum, konstaterer Otterstad.
No går han og dei andre gründerane med tankar om å utvide.
– Vi vil helst halde planane litt hemmeleg førebels, avsluttar Harald Otterstad og ler lurt.