nyhende

I flotte Holsvika målte Friluftsrådet Vest 17 grader i sjøen fredag.
I flotte Holsvika målte Friluftsrådet Vest 17 grader i sjøen fredag.

Badetemperaturen stig stadig

Etter nokre dagar med ein del regn, skal både vêret bli betre og varmare utover veka. Og i distriktet vårt er det mange fine plassar med god lunk i sjøen der ein kan kjøla seg ned.

Publisert Sist oppdatert

I sommar må me feriera i Noreg, og kanskje kan ein tur til ei ny badeplass vera ein idé når det ikkje er andre planar for dagen. Friluftsrådet Vest tek tempen jamnt og trutt i dei mange flotte områda dei har ansvar for, og siste runde før helga viser at det mange stader nærmar seg 20 grader i sjøen.

Lokalt står det to badeplassar på friluftsrådet si liste. I Holsvika viste temperaturmålaren 17 grader fredag, medan det var 18 grader i Selsåsvika.

Mange flotte badeplassar

– Mange av friluftsområda som blir forvalta av Friluftsrådet Vest er flotte badeplassar. Du kan velja mellom lange kvite sandstrender på vestsida av Karmøy, og flere universelt tilrettelagde badeplassar som Eivindsvatnet i Haugesund, Lie badeplass i Skjoldafjorden og Breidavika på Fitjar, seier Knut-Arild Sørensen i Friluftsrådet Vest.

Eller du kan finna din eiga strand på ein av dei idylliske fjordstrendene i Vikjo i Kvinnherad eller Nesøyra i Saudasjøen. Dei mange badeplassane finnest i alle kommunar og dekker ulike behov i region og nærmiljø.

Ferskvatn varmast

– Ferskvassbadeplassane blir ofte fortare varme enn sjøvatnet i fjordane. Inne i den lukka Skjoldafjorden er det gjerne to-tre grader varmare enn på vestsida av Karmøy. Så skal du finna varmt badevatn anbefaler me å ta turen til Lie badeplass eller den ukjende perla Otertong på austsida av Skjoldafjorden, seier Sørensen.

Me tar med heile lista, så får lesarane våre kanskje inspirasjon til badeturar utanfor Sveio også. Friluftsrådet oppdaterer badetemperturen på nettsida si. Den finn du HER.

Badeplass Kommune Dato Temp
ROMSAØYANE VINDAFJORD 19/6 17
OGNAHABN BOKN 19/6 17
VEDVIKA BØMLO 19/6 17
NARRAVIKA BØMLO 19/6 17
ULVESØY BØMLO 19/6 17
HISKJO BØMLO 19/6 17
ÅREIDDALEN BØMLO 19/6 19
FURUNESET BØMLO 19/6 17
SANDVIK ETNE 19/6 17
PEPAREN ETNE 19/6 18
HONSVIKA ETNE 19/6 18
BREIDAVIKA FITJAR 19/6 19
EIVINDSVATNET HAUGESUND 19/6 19
KVALSVIK HAUGESUND 19/6 17
VIBRANDSØY HAUGESUND 19/6 17
LOTESTRANDA HAUGESUND 19/6 16
ÅKRASANDEN KARMØY 19/6 17
AKSNESSTRANDA KARMØY 19/6 18
LINDØY KARMØY 19/6 18
SANDVESANDEN KARMØY 19/6 17
MJØLHUSSANDEN KARMØY 19/6 17
NESØYRA SAUDA 19/6 20
DRAGAVIKA TYSVÆR 19/6 18
SÆTRAVIKA STORD 19/6 17
SPONAVIKA STORD 19/6 18
HYSTADMARKJO STORD 19/6 18
BREIVIKA STORD 19/6 17
VIKASANDEN STORD 19/6 17
ÅDLANDSVATNET STORD 19/6 20
NAUTØY STORD 19/6 17
HOLSVIKA SVEIO 19/6 17
SELSÅSVIKA SVEIO 19/6 18
DRAGAVIKA TYSVÆR 19/6 17
SØVIK TYSVÆR 19/6 19
NOTAFLÅT TYSVÆR 19/6 18
HAMNAREN TYSVÆR 19/6 17
OTERTONG VINDAFJORD 19/6  20
LIE VINDAFJORD 19/6  20
SKJELJAVIKA VINDAFJORD 19/6 18
GARDAVIKA VINDAFJORD 19/6 17
VEDVIKA VINDAFJORD 19/6 17
SANDVIKA KVINNHERAD 19/6 17
VIKJO KVINNHERAD 19/6 18
Powered by Labrador CMS