Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Badeplattformen er på plass
Måndag ankra det opp ein særeigen farkost utanfor Melkeneset i Vigdarvatnet. På den kan du både slappa av i gapahuken, grilla og stupa frå stupebrettet.
Som Vestavind skreiv om i desember hadde Vigdar Grunneigarlag nye planar til glede for felleskapet: ein badeplattform med grill.
Offisiell opning 16. juni
Leiar Hans Reidar Tveitaskog håpa då at dei ville få den klar til sommaren, og no er den her. 16. juni er det offisiell opning med ordførar og andre gjester.
– Dette er eit tilbod til alle, og me håper folk vil vera med oss å feira denne dagen. På sjølve plattforma er det ikkje plass til så veldig mange, men kom gjerne med båt, kano eller kajakk, seier Tveitaskog.
Plattformen er solid ankra opp om lag 100 meter frå Melkeneset. For å koma ut dit må du vera god til å svømma, eller bruka transport av det flytande slaget.
– Budsjettet er på 440.000 kroner, og det ser det ut til at me kjem til å halda ganske bra, seier Tveitaskog.
Innhaldsrik plattform
Betongplattformen er bygd i Etne av Etne Betong. Resten er det Svein Magne Eikemo og Eirik Østerhaug i dugnadsgjengen til grunneigarlaget som har stått for. Vel 200 timar har gått med til å få den ferdig.
– Plattformen måler 12 x 3 meter. Me har bygd gapahuk, benker, badestigar, stupebrett og grillplass. På eine sida er det laga til eit trinn lågare slik at det er enkelt å stiga ut av kajakk og kano, og det er mogelegheit for å fortøya.
Alt av treverk er smørt godt inn slik at det skal tåla vêr og vind, fortel Eikemo.
Han synest det er kjekt å gjera ein innsats for å legga til rette for at folk kan kosa seg.
– Berre å ta den i bruk
– Grunneigarlaget traff godt med det me gjorde på Bjelland. Eg håper badeplattformen blir like populær, og at folk både er flinke til å bruka den og ta vare på den.
– Kan badeplattformen brukast før opninga?
– Det er berre å ta den i bruk, og bada for dei som vågar seg uti med det vêret me har no, smiler han.
Badeplattformen blir liggande ute ein stor del av året, men vil bli flytta ein annan stad i Vigdarvatnet om vinteren for å unngå skadar frå eventuell is som legg seg.