nyhende
Badeplattform med grill på Vigdarvatnet: – Ikkje noko brannfare der ute
Vigdar Grunneigarlag har fått løyve av kommunen til noko heilt spesielt, ei badeplattform ute på Vigdarvatnet. – Der skal vera eit tilbod for dei som er på vatnet, å gå i land, grilla og bada derifrå, seier leiar Hans Reidar Tveitaskog i grunneigarlaget.
Vigdarvatnet er ein populær plass å vera når det er varmt og fint vêr, men det er ikkje uendeleg med plass til besøkjande langs strandkanten. Nyleg fekk Vigdar Grunneigarlag løyve til å gå vidare med ein idé dei har sett nærare på, ei badeplattform.
– Utgangspunktet er at det skal vera eit tilbod for dei som er på vatnet, til å gå i land der og kunna grilla og bada derifrå. Det er stort sett det det går i, bading og grilling. Det vert litt som ein gapahuk på vatnet, seier Hans Reidar Tveitaskog.
Mogelegvis til sommaren
Han er leiar i grunneigarlaget og har vore med på søknadsprosessen.
– Badeplattformen er ikkje sett i bestilling enno, men me har planar om det, seier Tveitaskog.
– Når kjem den?
– Me håpar at den skal vera klar til sommaren, svarar han.
Tveitaskog fortel at grunneigarlaget stadig er på jakt etter nye måtar å ta i bruk Vigdarvatnet på ein forsvarleg måte, og at dei har etterlyst stadar å setja opp til dømes ein grill.
– Men det er mykje forsiktigheit rundt dette frå medlemmane si side, sidan mykje av området er skog eller nær skog. Men så kom det inn eit forslag frå ein medlem, «Kan me ikkje leggja det på ei plattform?». Det tygde me på og tenkte at det var ein god idé, seier leiaren.
Då får ein meir plass til å bada og grilla, samstundes som ein med god samvit kan tenna ei fyrstikk eller fire.
– Det vert ein liten grill der ute. Poenget er at det ikkje er noko brannfare ute på vatnet, humrar Tveitaskog.
Kan flyttast på
– Kan ein gå dit på nokon måte?
– Nei, det vert som ein holme. Er ein ute i kajakk, båt eller kano kan ein dra seg inntil den og slappa av eller bada, seier Tveitaskog.
– Skal den vera på Melkeneset?
– Ja. Den kan eigentleg flyttast rundt viss grunneigarlaget ynskjer det, men i hovudsak skal den vera på Melkeneset, svarar han.
Det finst ikkje noko bilete eller illustrasjon, men Tveitaskog kjem med ei forklaring på korleis det truleg vil sjå ut.
– Storleiken vert i underkant av 40 kvadratmeter. Det vert ein bitteliten gapahuk som ein kan krypa under tak i den eine enden, og så ein grill på midten av plattforma. Langs sidene vil det vera mogelegheit til å hoppa uti vatnet, stige til å klatra opp att, og ikkje minst mogelegheit til å fortøya, avsluttar han.