nyhende
Badenymfer vil bli fleire
Kvar tysdag ettermiddag møtes ein gjeng damer på Førdestranda. For å bada heile året, uansett vêr. Bortsett frå ein periode om sommaren.
– Me gir oss når det blir for varmt, ler dei fem damene som er på Førdestranda tysdagen Vestavind møter badenymfene. Dei går i sjøen der stien til Rex Garden begynner å stiga litt.
Tysdagsbadinga er eit tilbod og samarbeid med Frivilligsentralen og psykisk helsetjeneste i Sveio. Det var berre damer som møtte då det starta opp for eit par år sidan, og dermed blei det damebading vidare.
Ope for alle damer
– Her kan alle damer vera med om dei bur eller jobbar i Sveio, seier Gry-Jeanette Stokka, avdelingsleiar psykisk helsetjeneste i Sveio.
– Det er inga påmelding, så har du lyst til å prøva er det berre å koma. Me møtes på grusparkeringa klokka 14.55, legg Guri Røher, leiar for Frivilligsentralen, til.
Nokre tips har damene imidlertid til dei som vil bli med på heilårsbadinga: neoprensokkar og -hanskar er lurt å investera i. Det gjer det både meir behageleg å gå uti, samt held varmen på hender og føter når sjøen begynner å bli kald.
Meistring og felleskap
Mestring og det sosiale er noko av det damene set høgast på lista over fordelane med å vera heilårsbadarar i fellesskap.
Denne dagen er det strålande sol og nesten sommarleg på land. Det er nesten så Vestavind sin utsende får lyst til å bada sjølv. Men berre nesten. Temperaturen i sjøen er under 10 grader.
Likevel pustar og snakkar badarane heilt normalt. Vanskeleg å forstå for ei som ikkje driv med heilårsbading. Dei har det så kjekt at dei heilt gløymer klokka, og blir liggande uti lengre enn dei 5-10 minuttene som er vanleg. Kanskje litt kortare for dei som er nybegynnarar.
Gjennomføringsevne
– Eg har alltid kavd med pusten når eg skulle bada. No har eg lært meg pusteteknikken, og det er ei heilt anna oppleving. Eg har hatt lyst til å prøva heilårsbading lenge, men det var ikkje så kjekt å gjera det aleine. På tysdagsbadinga er det både tryggleik og fellesskap, seier Edel Skjoldevik.
Pusteteknikken med å seinka pusten og bli roleg kan også brukast i kvardagen på land. Til dømes når ein blir stressa eller uroleg.
Å sjå at ein faktisk klarar å gjennomføra badinga, gir ei god mestringskjensle. Å våga, og få til det «umogelege», er også god lærdom å ta med til det daglege. Det gir kontroll og styrke, meiner damene.
– Styrka gjennomføringsevne, vil eg kalla det. Eg har vore med fire gonger – og bada fem. Eg blir stadig betre, og ser fram til kvar tysdag, seier Oddbjørg Margaret Hovland.
Blir betre av badinga
Heilårsbadinga har også andre helsemessige plussar med seg.
– Eg slit med ulike hudproblem, og merkar at badinga i sjøen bidrar til at eg blir betre. Det er også velkjend at sjøvatn er bra for atopisk eksem, seier Emilie Persen Herland.
Ho er yngste dame denne dagen, og damene som er med er frå 20-åra til 70-åra. Kven som kjem er litt ulikt frå gong til gong, men Guro og Gry-Jeanette sørger for at ein eller begge er til stades kvar tysdag.
Heller snø enn regn
– Er det noko vêr som kan føra til avlysing?
– Då må det vera at det bles så mykje at bølgene blir for store. Elles badar me uansett vêr. Om vinteren vil me heller ha snø enn regn. Regnar det, brukar me å skifta i gapahuken på stranda slik at kleda er tørre når me kjem opp, seier Guro og Gry-Jeanette.