nyhende
Badeanlegget fekk fram skilnadane
– Me vil vera garantistar for at Sveio får badeanlegg med basseng på 25 x 12,5 meter,med stupetårn, hev- og senkbar botn og ein vasstemperatur på opp til 34 grader, sa Asle G. Halleraker (Tverrpolitisk Fellesliste) under debatten mellom ordførarkandidatane i soknehuset tysdag kveld.
Kommunestyret har vedtatt bygging av badeanlegg innanfor ei investeringsramme på 105 millionar kroner. På grunn av prisstiginga rekna Halleraker med at investeringskostnadene kan stiga til både 125 millionar og meir. Likevel meinte han det vil vera rett å byggja badeanlegget som planlagt. Han fekk støtte frå Linn Therese Erve (Ap).
Det var Sveio sokneråd og Kidshouse som inviterte til debatten i soknehuset. Det skjedde på dagen etter at Kidshouse blei arrangert for første gong. For målgruppa, born frå femte til sjuande klasse, skal 15-årsdagen feirast fredag.
I soknehuset tysdag var temaet formulert som eit spørsmål: Kva kan politikarane bidra med for å utvikla og oppretthalda foreldreengasjementet innanfor tilbod som rettar seg mot barn og unge?
Foreldreengasjementet kom litt i bakgrunnen då spørsmål om badeanlegget kom opp. Men det var dette spørsmålet som for alvor fekk temperaturen til å stiga i panelet, og som fekk skilnadane mellom partia til å koma tydelegast til syne.
Høg badetemperatur
– Det vil vera ei katastrofe om me sprengjer driftsrammene, sa Jarle Jacobsen (KrF),
som medgav at han rett nok hadde endra syn i meir positiv retning når det gjaldt badeanlegget. Han ville likevel ikkje vera med på å gå ut over den vedtekne ramma.
Det ville heller ikkje Monica Vandaskog Valen (Sp). Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) kunne ikkje lova kva anlegg som vil bli bygt, og André Mundal Haukås (H) sa det på denne måten:
– Drifta er det viktigaste, ikkje om grensa på 105 millionar til investeringar er absolutt eller ikkje.
Kjartan Moe Hustvedt (MDG) stilte spørsmål om kvifor ikkje det eksisterande bassenget blir brukt meir, og kvifor det ikkje blir halde ope for publikum.
– Med opningstider på ettermiddag kveldstid kunne me fått eit inntrykk av kor stort behovet er for eit nytt badeanlegg, sa han mellom anna.
Diakon på deling
Eit anna innspel som fekk merksemd, kom på slutten av debatten frå arrangøren og blei presentert av sokneprest Arild Steinsland. Etter at soknehuset er nedbetalt, er det bestemt at overskotet frå Gjenbruksløa skal delast mellom misjon og ei stilling for diakon som kyrkja i Sveio ynskjer å oppretta.
– Vil politikarane vera med på å resten av finansieringa av denne stillinga, ville Steinsland vita.
Og la til at diakonen gjerne kan vera med på å koordinera foreldra sitt engasjement i ulike fritidstilbod.
Jacobsen og KrF var den einaste som svarte ja utan atterhald på dette spørsmålet. Resten var positive, men sa at støtte til diakonstillinga må vurderast i samband med budsjettet. Halleraker ville dessutan vita om stillinga vil vera livssynsnøytral.
Mest sentrum
Paneldeltakarane brukte også tid på det som var kveldens tema, og svarte alle som ein at foreldreengasjement er viktig i alle fritidsaktivitetar for barn og unge. Dei hadde fleire og til dels overlappande forslag for å oppretthalda og styrka dette engasjementet:
Lytta og læra, auka tilskott og fritidskort, stilla lokale til disposisjon og trygga foreldra gjennom å tilby kurs, var nokre av innspela.
Mykje av debatten kom til å handla om tilbod for barn og unge ved sentralidrettsanlegget og elles i Sveio sentrum. Fleire politikarar, ikkje minst Ruth Vihovde Strand (V), minna om at ikkje alle bur i sentrum eller har høve til å dra dit på kveldstid.
I tillegg til å ta opp spørsmålet om betre kommunikasjonar, understreka ho behovet for idrettsanlegg og andre møteplassar i alle bygder. Ho etterlyste dessutan ein fritidskoordinator.
Fleire tilhøyrarar som Vestavind snakka med etter debatten, var også frustrerte over den sterke fokuseringa på sentrum. Fleire i salen var dessutan misnøgde med at salen ikkje fekk sleppa til med spørsmål.