nyhende
Både siger og tap for volleyballherrane
Sveio IL stiller med eit ungt seniorlag i volleyball, men har slått godt i frå seg i sin første sesong.
Dei innleia sesongen med siger og tap i den første med seriespel for nokre veker sidan. Sist laurdag var det klart for ny runde, med to kampar på bortebane, i Jåttåhallen i Stavanger.
Den første var mot Grimstadstudentene (GSI). Her blei det ein fin siger til Sveio i ein jamn kamp. Settsiffera vart 25-22, 20-25, 25-19 og 25-19.
Godt forsvarsspel
— Spelarane var pålogga heile vegen, og då fungerer spelet vårt bra, seier trenar Ole Johan Sveen.
Særleg forsvarsspelet satt godt, noko som legg eit avgjerande grunnlag for at ein får til gode angrep mot motstandaren.
Møtte rutinert motstand
Ein halvtime seinare var det Hinna som sto på andre sida av nettet. Ein svært rutinert gjeng, mellom anna med to spelarar som har passert 50 år.
Her blei det tap for Sveio, med siffera 15-25, 22-25 og 17-25.
— Dei tok oss på rutinen. Dei las vårt spel mykje betre enn me las deira, seier Sveen.
Etter fire kampar i første seniorsesong er det ein greitt nøgd trenar som summerer sesonginnleiinga med to sigrar og to tap.
— Me blir i alle fall ikkje noko kasteball i avdelinga, sjølv om me stiller med eit veldig ungt lag, seier han.