nyhende

Avsluttar utdanninga med å låna seg ut

Jonas Alexius Skalin er snart ferdig utdanna gjennom programmet Menn i Helse. Avslutninga vart å låna seg sjølv ut som arbeidskraft for å hjelpa nokon. — Ho eg hjelper er sjølv frivillig på omsorgssenteret, seier Skalin.

Publisert Sist oppdatert

Ein solrik dag står det ein smilande kar med stråhatt i skugga av nokre tre. Det er Jonas Alexius Skalin som gjer hagearbeid og skulearbeid på same tid.

Han er snart ferdig med eit toårig utdanningsløp for å verta helsefagarbeidar. Noko av det siste dei mennene i helse skal gjera er det som heiter «Lån ein mann for ein dag».

— Då lånar me oss ut for å hjelpa nokon med noko i to arbeidsdagar, seier Skalin.

Dei skal sjølv finna nokon å hjelpa. Sidan han likar hagearbeid så fann han ei som trong det, noko han er veldig glad for.

— Eg er ein skikkeleg hagenerd, humrar han.

Ringverknadar

Hagen han jobbar i treng både felling av mindre tre, klipping av buskar, stell og vedlikehald. Akkurat som menneskje har hagen godt av omsorg meiner Skalin. Og det er ikkje alt arbeid som er like lett når ein vert eldre.

— Eg ville gjera noko utandørs for å hjelpa med noko dei ikkje får gjort sjølv, seier han.

Skalin trur samfunnet har endra seg på ein slik måte at mange eldre plutseleg sit med mykje tungt arbeid dei ikkje kan gjera, til dømes i hagen.

— Familiar flyttar meir på seg. Då står dei eldre meir åleine utan familienettverket til å hjelpa, som dei sjølv vaks opp med, seier han.

Med litt utlån av menn frå Menn i Helse så får forhåpentlegvis færre familiar å ha uteståande hagerarbeid hengande over seg.

— Då får familie kome og berre vera saman med eigar av hagen, i staden for å måtte tenka på dugnad. Det er fint å tenka på heilskapen og ringverknadane, seier Skalin.

Kulturell oppleving

Under stråhatten kjem eit smil når han fortel om Karen Andrea Larsen, kvinna han får hjelpa.

— Ho er frivillig på Sveio omsorgssenteret og er veldig snill, seier han.

Larsen har berre fine ord om hennar nye hagearbeidar.

— Eg er veldig nøgd, han har gjort det så fint, seier ho.

For Skalin som opphaveleg kjem frå Umeå i Sverige, så har det å låna seg til Larsen også vore ei kulturell oppleving.

— Eg har høyrt mykje om norske lefser. Nordmenn har snakka om dei som noko guddommeleg, men butikklefser smakar ikkje særleg godt, humrar han og fortset:

— Men så møter eg ei som har laga lefser heile livet, seier Skalin.

Litt som å koma heim til Umeå

No forstår han kvifor nordmenn snakkar mykje om lefser. Han skryt av Larsen sine, og fortel at kjærleiken ho legg i det gjev han ei nostalgisk kjensle om Sverige.

— Det vert jo litt som å kome heim til Umeå, og minner meg mykje om mormor si matlaging, seier Skalin.

Fredag den 23. juni er han ferdig utdanna. Den siste biten av Menn i Helse var mogelegvis den kjekkaste, og han synest verkeleg at Larsen har vore ein god låntakar.

— Me får gode samtalar over litt mat, seier han med eit smil.

Powered by Labrador CMS