nyhende
«Avsløringa» del 6 – 6
Denne følgjetongen er skriven av Sigurd Tveit, og blei første gong presentert i Vestavind i 1996. Historia handlar om Asbjørn Kritlet som ein dag får ti millionar rett i fanget, og som til slutt endar opp med å gje bort heile beløpet til Sveio kommune. Her kjem 6. og siste del.
Det var så stilt i kommunestyresalen etter at dei frammøtte hadde fått høyrt meldinga om den store pengegåva til kommunen at ein kunne ha høyrt den berømte knappenåla falle mot golvet. Men det var ikkje lenge før omtrent alle hadde ordet samstundes. Dei tok alt til å dela på gåva. Nokon ville ha heile summen til forprosjektet i Førde sentrum, andre ville ha storparten til golfbanen, og nokon ville bruka pengane til å leggje til rette for ny industri. Men til slutt braut ordføraren si klubba ismuren, og ordføraren sa at desse pengane nok skulle fordelast, men ikkje her og nå.
– Det kan knyta seg svindel bak denne gåva, og me må difor ta imot den med ei klypa salt, sa ordføraren. Eg vil gjera framlegg om at me tek imot gåva med atterhald og set pengane inn i Sparebanken Vest på sperra konto. Dette forslag blei samrøystes vedteke.
Det var ikkje vanskeleg for Vestavind å vita kva som ville dekka fleire sider i bladet. Det var den formidable anonyme gåva som kommunen hadde fått. Men det var ikkje berre Vestavind som tenkte slik. Haugesunds Avis og Oslo-aviser med Dagbladet i spissen snusa på denne saka, og det var Dagbladet som først lukta lunta, og tok til å rekkja saka opp. Bladet kunne fortelja at det for fire år sidan var eit væpna ran mot ein pengetransport frå Noregs Bank til Postverket. Ranarane vart snart hekta; men pengane var som senka i jorda.
Omsider dukka det opp ein avdanka politimann som hadde forfølgd ranarane. Han hugsa berre at han hadde vore inne i stova til ein vestlandsstudent, og forhøyrt seg om han hadde høyrt noko mystisk, men det svarte han benektande på. Ranarane hadde forklart til politiet at dei hadde slengt pengesekken inn gjennom døra til ein student frå Vestlandet, som dei hadde vore mykje saman med. Dei påstod at stovedøra og var gatedør, og at ein difor kunne slengja ting inn i stova, dersom døra stod på gløtt.
Politiet hadde aldri trudd på denne forklaringa, og berre la av ein slik moglegheit. Men plutseleg tok politiet denne forklaringa på alvor, og fann til si forbløffing at ein slik inngang hadde eksistert på det huset. Og dermed tok snøballen til å rulla.
Asbjørn Kritlet las med stigande uro det som nå skjedde fordi han hadde vore så uforsiktig med si store gåve til kommunen. Han skjøna at før eller seinare ville heile saka verta opprulla. For nå hadde politiet gode kort på handa.
Hadde Asbjørn vore ein driven, samvitlaus forbrytar var det framleis ingen som kunne bevisa at han var den store helaren. Politimannen som hadde vore innom han på jakt etter ranarane kunne ingenting bevisa. Tvert om, han hadde spurt etter noko uvanleg, og fått til svar at det ikkje var noko uvanleg her. Postsekken med pengane hadde han slett ikkje sett, og ingen kunne ha noko å seie på heimreisa. Det einaste som var litt mistenkeleg var det brannsikra skapet han hadde kjøpt i Haugesund. Men Asbjørn var ingen forbrytar, og den store pengesummen hadde aldri vore god å greiast med. Det var difor han i sitt einfald gav den bort til kommunen.
Så då lensmannsfolka frå Sveio stod i døra og banka på, røpa han alt berre med si åtferd. Han tok til å skjelva og vart «bablen» i målet då han prøvde å lyga seg frå alt saman. Difor skjøna politiet snart at nettopp her hadde dei mannen dei leita etter. Og utan at dei spurde det minste om saka, avslørte Asbjørn seg sjølv med å fortelje heile kuppet frå ende til annan.
Då han var ferdig seig han saman i stolen sin og gret og hulka. Lensmannsfolket takka høfleg for seg, og bad han halda seg i ro heime, så skulle han sleppa å verta arrestert lova dei.