nyhende
«Avsløringa» del 3 – 6
Denne følgjetongen er skriven av Sigurd Tveit, og blei første gong presentert i Vestavind i 1996. Historia handlar om Asbjørn Kritlet som ein dag får ti millionar rett i fanget, og som til slutt endar opp med å gje bort heile beløpet til Sveio kommune.
Asbjørn hadde ikkje kome seg av sjokket då sekken kom susande inn i rommet, før ein barsk politimann stod framføre han i rommet. Med bydande røyst spurde han om Asbjørn hadde sett nokon på flukt, eller høyrd noko, nett no. Forfjamsa som Asbjørn var hevda han at han ikkje hadde sett noko uvanleg, men han hadde høyrt trampande føter i gata, og høyrt politibilen som fór forbi med skingrande sirener.
Politimannen ville også gjerne ha greie på kvifor døra hans stod på gløtt. – Det er Oslo-varmen si skuld, svara Asbjørn. Politimannen var nøgd med svara og styrta ut att på leit etter ein eller fleire.
Etter at politimannen var gått, sat Asbjørn paralysert og stira på sekken som låg ved veggen, og minnast at han hadde sagt at han ikkje hadde sett noko uvanleg denne kvelden. Då først kom han i tankar om at han hadde gitt feil forklaring til politiet, for dersom det ikkje var uvanleg at ein halvfull sekk kom susande inn i rommet hans så var det ikkje noko som var uvanleg. Han stira mot sekken ved veggen, og skjøna at han måtte sjå kva som var i den. Varsamt nærma han seg, med bankande hjarta. For det kunne gjerne vera noko farleg inni, for han skjøna at bak denne hendinga stod gjengen som han av og til var saman med. Dei i gjengen visste kvar han budde, fleire av dei hadde vore på besøk hjå han før. Han tok borti sekken, men ingenting skjedde. Då fekk han meir mot, og drog den til seg. Sekken ville han undersøkje på soverommet sitt, men først måtte døra til stova låsast og det måtte sløkkjast. I soverommet drog han gardina føre og no var tida inne til å undersøkje sekken.
Det synet som møtte auga hans då han såg ned i sekken fekk det til å gå varmt og kaldt gjennom han. For innhaldet i den var buntar med pengesetlar. Kvar bunt inneheldt hundre tusenkronesetlar, og det svimla for Asbjørn då han tok ein pust i økta, før han talde opp kor mange buntar det var i sekken, som var ein vanleg postsekk.
Asbjørn tok på seg plasthanskar før han gjekk til verket. Og hjarta banka vilt då han tok til med dette arbeidet. Pengar hadde alltid vore mangelvare i hans liv, og her stod han plutseleg med ei stor formue. Så talde han opp bunkane, og då han la siste hand på verket var han komen til hundre bunker. Med andre ord var han mann for ti millionar kroner, og han skalv ved tanken på det.
For Asbjørn blei natta ei lang natts ferd mot dag. Det svimla for han når han tenkte på den formuen han hadde hand om. Ei sterk indre røyst sa at det rette han nå gjorde var å varsla politiet, og fortelje alt slik det var. Ei anna røyst hevda at dersom han gjekk til politiet, så ville han samstundes bli arrestert. For dei ville ikkje tru på han, dei kjende han frå samværet med visse gjengar i Oslo.
Etter ein uroleg søvn vakna han av sitt eige skrik om at han skulle behalda pengane. Det tyda han som eit varsel om at slik skulle det vere, og då morgonen endeleg kom hadde han hovudet fullt av planar om korleis han skulle greia å få pengane med seg. Då han fekk Dagbladet i hendene skalv han som eit lauv. Der stod ein utførleg reportasje om at ein pengetransport på ti millionar kroner var rana. Politiet sa at mistanken gjekk i ein bestemt retning, og at dei hadde god von om å finna både tjuvane og pengane. Samstundes lova dei hundre tusen kroner i dusør til den som gav dei konkrete opplysningar om ranet. Asbjørn kunne altså lettvint tena seg hundre tusen kroner, og det var pengar, det og. Men kva var det mot ti millionar, tenkte Asbjørn og slengde avisa frå seg med dirrande hender.