nyhende

Yrkes- og utdanningsmesser er ein fin arena for elevar som skal over i vidaregåande skule. Her kan dei læra om forskjellege utdanningsretningar og yrker – og prøva seg på utfordringar. Arkiv
Yrkes- og utdanningsmesser har vore ein fin arena for elevar som skal over i vidaregåande skule. No er dei lokala avlyst for andre året på rad grunna koronapandemien. Arkiv

Avgangselevar mistar alle aktivitetsdagar

Alt av opplegg som skal førebu 10. klassingane til å velga utdanningsprogram i mars 2021 er til no avlyst.

Publisert Sist oppdatert

For å klara å stikka seg ut ein kurs vidare i livet, er det lærerikt for elevane å besøka potensielle vidaregåande skular. Likeeins det å besøka arbeidsplassar over nokre dagar for å sjå om elevane ser føre seg samsvarar med verkelegheita.

Yrkesmessa i Steinsvik Arena har nok vore eit høgdepunkt for fleire, der ein får snakka med folk frå mange ulike bransjar og utdanningsmoglegheiter.

No er alt avlyst på grunn av covid-19.

Uheldig

Sverre Halleraker, rådgjevar for yrkes- og utdanningsval på Sveio skule seier at dette er svært uheldig for elevane, som skulle hatt hospiteringsdagar på vidaregåande skular, samt jobb-dagar i vår. Denne hausten skulle dei hatt nye hospiteringsdagar og tre nye jobb-dagar, men det blir ikkje noko av grunna covid-19.

– I tillegg kjem avlysingane av yrkesmessa og utdanningsmessa. Aktivitetar som hospitering på vidaregåande skular og jobb-dagar og yrkesmessa er særs viktige for elevane i deira utdannings- og yrkesval, seier Halleraker.

Avlyser på Stord

Utdanningsmessa på Stord i januar 2021 er også avlyst, men tradisjonelt sett har ikkje Sveio-elevane besøkt messa på Stord dei siste åra.

Stord Rotary Klubb håpar at det kan la seg gjera å arrangera messa for Sunnhordland i januar 2022, og at oppslutnaden frå næringsliv og utdanningsinstitusjonar blir like god som andre år. Det seier prosjektleiar Kurt Grundvold i ei pressemelding.

Arkivfoto frå yrkesmessa i Steinsvik Arena 2017
Powered by Labrador CMS