nyhende

Håkon Rasmussen går på dagen frå Vestland Fylkeskommune.FOTO: MORTEN WANVIK/VESTLAND FYLKESKOMMUNE
Håkon Rasmussen går på dagen frå Vestland Fylkeskommune.

Avdelingsdirektør i fylkeskommunen gjekk på dagen

Håkon Rasmussen sluttar i stillinga som avdelingsdirektør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune. Årsaka er krevjande politiske sakar og medieoppslag, samt manglande tillit frå politisk side, ifølgje Rasmussen.

Publisert Sist oppdatert

– Etter fleire krevjande politiske saker og medieoppslag den siste tida, opplever eg ikkje lenger nødvendig tillit frå politisk side som avdelingsdirektør. Eg har difor bedt om avløysing i stillinga, seier Rasmussen i ein pressemelding sendt ut i frå fylkeskommunen.

Han har vore i stillinga sidan opprettinga av Vestland fylkeskommune i 2020, og hatt ansvar for mellom anna Skyss og prosjektorganisasjonen Bybanen Utbygging.

Tidlegare var Rasmussen leiar i samferdselavdelinga i for Hordaland fylkeskommune frå 2013 til 2019.

Powered by Labrador CMS