nyhende

Glede over at avtalen er underskrive. F.v. Ole Velde, Marryel H. Velde, Jostein Mokleiv og Kristian Wathne. Foto: Privat
Glede over at avtalen er underskrive. F.v. Ole Velde, Marryel H. Velde, Jostein Mokleiv og Kristian Wathne.

Auklandshamn landhandel opnar 5. april

Søndag signerte Ole Velde og Marryel H. Velde leigeavtale med Forretningsbygg Stølen. Måndag sa kommunestyret i Sveio ja til salsløyve for alkohol. To viktige milepælar på veg mot topp moderne og fjernbetent butikk i Auklandshamn.

Publisert Sist oppdatert

Med leigeavtalen signert, blir det denne veka sendt e-post om innbetaling av andelar. Det er heile 189 som har teikna seg for til saman 1.047.000 kroner.

Full pedal

– Me ha lenge vore sikre på at det blir butikk, og 5. april har vore datoen for opning ei stund. Men det var greit å få desse formelle tinga på plass. No blir det full pedal for å få gjort butikken ferdig, seier Kristian Wathne, styreleiar i Forretningsbygg Stølen.

Full pedal har det vore lenge. Eit heilt vanvittig dugnadsarbeid frå morgon til sein kveld er lagt ned. Kor mange tusen timar er det ingen som veit, men heile bygda har bidratt med stort og smått.

Under vegs kom det også eit ekstra tilskot til butikken: ein kafédel som allereie er blitt eit samlingspunkt. Søndag var det gratis prøvekino for barn for å testa det nye tilbodet.

Det skjer noko kvar dag i Auklandshamn landhandel. Dei har oppretta ei Facebook-side der alle som er interesserte kan følga med.

Demonterte ein heil butikk

Ein av dei meir ekstreme jobbane pågjekk helga 24.-26. januar. Ein gjeng frå Auklandshamn reiste til Bunnpris Eiken nord for Lyngdal. Alt innhaldet i butikken blei skrudd ned, demontert og lasta på Lie Langtransport sitt vogntog i løpet av to dagar.

Klokka 13.00 søndagen sto ein stor gjeng innbyggarar og hyttefolk klare for å hjelpa til med å lasta av vogntoget, bera det som skal brukast i butikken på plass og frakta det som ikkje skal brukast til avtalte lagringsplassar. Den jobben blei gjort unna på fem timar i eit skikkeleg vestlandsvêr.

– Eg kjende den helga ei stund, fortel Jostein Mokleiv, dugnadsarbeidar og styremedlem i Forretningsbygg Stølen.

Teknisk utstyr og varer

– Kva gjenstår fram mot opninga?

– Fysisk er det planen at butikken skal vera ferdig ved utgangen av mars. Det betyr høgt dugnadstempo også dei kommande vekene. Men det er me trygge på skal gå veldig bra. Dugnadsarbeidet har skapt ein veldig positivitet i bygda, og stadig nye fjes dukkar opp for å hjelpa til, fortel Mokleiv.

For å bli den topp moderne fjernbetente butikken som er planlagt, må det også på plass ein del tekniske løysingar, som butikkdata og fjernbeteningsutstyr. Dette blir det no jobba opp mot Norgesgruppen for å få på plass.

– Den siste veka før opninga blir det å bestilla og få på plass varene i butikken, seier Mokleiv.

Powered by Labrador CMS