nyhende
Auke i trafikkdød i 2025
Førebels tal viser at 111 personar mista livet i trafikken i 2025, ifølgje Statens vegvesen.
Det er 24 fleire enn i 2024. Det omkom ingen born i trafikken i fjor, men det var ein auke i unge mellom 16 og 24, skriv vegvesenet i ei pressemelding.
Trass i at tala gjekk opp, meiner Vegvesenet at arbeidet deira syner resultat. For femti år sidan var det 88 born som døydde i trafikken, medan det i 2025 ikkje var nokon born under 14 som omkom.
– Viser at det nyttar
– Det er for mange som døyr i trafikken, og eg er ikkje nøgd med at ulukkestala aukar. Då er det eit lyspunkt at me reddar dei små borna. Her har mange gjort ein stor innsats over fleire år med mellom anna sikring av born i bil, og med omfattande haldningsskapande arbeid i heimane, barnehagane og skulane. Det viser at det nyttar, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Det vegdirektøren er verkeleg bekymra for, er den merkbare auken av ulukker for dei mellom 16 og 24 år.
Unge gutar som tar store sjansar
– Me har eit «guttaproblem». Unge gutar som køyrer altfor fort og har anna særskild risikofull åtferd. Og så har dei med seg fleire i bilen. At dei unge gutane tar store sjansar både på eigne og andre sine vegner kan me ikkje akseptera, seier ho.
Seinare i år kjem vegvesenet til å leggja fram tiltaksplanen for trafikktryggleik for dei neste fire åra. Dei varslar om ambisiøse mål, også overfor dei unge.