nyhende

Smittevernlege Ståle Andreassen rosar arbeidet sporingsteamet har gjort og gjer, og meiner det er uvurderleg for å få oversikt over smittespreiinga.
Smittevernlege Ståle Andreassen rosar arbeidet sporingsteamet har gjort og gjer, og meiner det er uvurderleg for å få oversikt over smittespreiinga.

Auke i testar etter nye smittetilfelle

Etterkvart som samfunnet har opna stadig meir opp, ser det ut til at me er blitt slappare med smitteverntiltak. Til me får ei påminning om at Noreg ikkje er koronafri. Dei siste vekene har teststasjonen i Aksdal opplevd ein auke i personar som vil testa seg.

Publisert Sist oppdatert

Viktig å hindra smittespreiing

Her er Folkehelseinstituttet sine råd for å bremsa utbreiinga av korona:

  • God hand- og hostehygiene.
  • Du og dine næraste kan omgåast normalt.
  • Hald auka avstand til andre enn dine næraste, minst 1 meter.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halda deg heime.
  • Har du symptom på covid-19, bør du testast.

Med symptom meiner ein eitt eller fleire av desse punkta:

  • Feber
  • Hoste
  • Er tungpusta
  • Tap av smak- eller luktesans
  • Sår hals eller sjukdomskjensle

Personar frå Sveio skal testast i Aksdal, Tysvær. Ta først kontakt med testsenteret for å avklara behovet og bestilla time. Du treng ikkje kontakta fastlegen din for å bli testa.

Saka er skrive før det nye smittetilfellet i Sveio vart kjent onsdag:

Det ser ut til å vera ein samanheng mellom auken og nye påviste tilfelle av korona på Haugalandet. Etter nesten to månader utan påvist koronasmitte, har det dei siste vekene dukka opp ni tilfelle. Seks av dei er unge vaksne frå Karmøy og Haugesund, og ein er tilsett i heimetenesta i Tysvær. Sist sundag fekk ein vaksen person i Haugesund stadfesta smitte etter å ha vore på ferie utlandet.

SISTE: To personar med nær kontakt til den siste personen som fekk påvist korona i Haugesund, har fått påvist covid-19. Dei tre siste tilfella i Haugesund er i familie med kvarandre og kom med bil frå eit land utanfor Norden. Talet på nye smittetilfelle på Haugalandet er dermed opp i 11 torsdag morgon.

Teststasjonen i Aksdal har ansvaret for å testa innbyggarar i Sveio og Tysvær. Smittevernlegane i dei to kommunane er blant dei som får vekentlege rapportar om kor mange som er testa. I veke 26 og 27 var 68 og 75 personar inne til testing. I veke 28, etter dei nye tilfella var kjent, spratt talet opp til 195. I veke 29 blei det testa 95 personar. Tala er totalen for begge kommunane.

Viktig å minna kvarandre på tiltak

– Dei siste månadane har det vore ytterlegare opning av samfunnet, og ein fin start på sommaren som har innbydd til å vera mykje ute og i lag med andre. Det har vore godt for både folk og samfunn. Samstundes oppleves det som folk «gløymer» litt at verken Noreg eller verda elles er fri for koronasmitte, seier Ståle Andreassen, smittevernlege i Sveio.

– Ein ser i Sveio og kommunane rundt at folk i større grad tar kontakt for testing i samband med positive prøvar enn elles. Det er difor viktig at me minner kvarandre på dei generelle smittverntiltaka, og at en tar kontakt med testsenteret ved symptom på luftvegsinfeksjon, legg han til.

Forsiktig optimist

I Sveio har det i fram til tysdag ikkje vore nye tilfelle av smitte etter at ein elev ved Vikse skule fekk påvist korona 20. mai. Alt tyder på at dette var ein falsk positiv test, slik at det reelt sett er fem med påvist smitte i kommunen etter det siste tilfellet denne veka. Ein av desse fem bur ein annan stad i landet, men har folkeregisteradresse i Sveio.

Å halda avstand, vaska hendene ofte, ha gode hoste- og nyserutiner, og halda seg heime om ein ikkje er frisk, er like viktig no som då Noreg vart stengd ned. Folkehelseinstituttet reknar med ein auke i smitte utpå hausten. Før det er mange på noregsferie, og ein del vil også reisa ut av landet.

– Desto meir en beveger seg, og jo fleire personar ein treff, desto større sjanse for å bli smitta. Eller smitta andre. Samstundes er eg forsiktig optimist på Noreg sine vegne. Folk er flinke til å omstilla seg raskt, og ein er rusta på ein helt annan måte til å takla smitteutbrot enn me var 12. mars, seier Andreassen.

Sikrar deg sjølv og andre

Han tenkjer mellom anna på at testkapasiteten er langt større, at ein har gode rutinar for ulike scenarier, og at helsevesenet både har erfaring og utstyr til å takla ein eventuell ny runde med eit større smitteutbrot.

– Det viser til dømes korleis fleire lokale utbrot på Karmøy er blitt takla. Ein har klart å spora opp nærkontaktar raskt, og stoppa smittespreing med dei tiltaka ein har sett i verk. Sjøv om ein ikkje alltid klarar å finna ut kvar smitten kjem frå, har ein klart å hindra smitten i å spreia seg, seier Andreassen.

Det er langt fleire smitta i verda i dag enn i mars. At det igjen er opne grenser til mange land i Europa, kan gje utfordringar med importert smitte.

– Uansett kvar du er eller har vore på ferie, er det viktig å halda seg til dei ein kvar tid gjeldande smittevernråda og -tiltaka. Det gjeld også i kvardagen. Då sikrar du både deg sjølv og andre. Og ikkje vent om du trur du kan vera smitta. Sørg for å bli testa, oppmodar smittevernlegen.et

Powered by Labrador CMS