nyhende
Auke i tal mindre tjuveri utført av barn
Konfliktrådet Sør-Vest ser ein auke i talet overførte saker som gjeld mindre tjuveri utført av barn under 15 år. Desse utgjer i 2021 over 40 prosent av dei henlagde sakene som blir overførte frå politiet.
– Me opplever at mange av ungdommane som blir melde for å stela i butikkar opplyser at det har gått sport i å stela varer, og at dei utfordrar kvarandre på TikTok og andre sosiale medium. Nokon blir òg pressa til å stela. Me har dei siste åra òg sett ein auke i talet saker om bildedeling, opplyser konfliktrådsleiar Eva Kristin Solvik.
Blir du meldt for eit mindre tjuveri og er under 15 år, blir saka di overført frå politiet til Konfliktrådet. Mekling i konfliktråd gir då partane ei moglegheit til å snakka saman om det som har skjedd, og dessutan at ein får lov til å ta ansvar for det ein har gjort.
– Konfliktrådet Sør-Vest legg til rette for at den mindreårige kan få møta den andre parten, som til dømes kan vera butikkeigaren. Då kan dei snakka saman om korleis dei opplevde det som har skjedd. Ein nøytral meklar leier møtet, men det er opp til møtedeltakarane sjølv å laga ein avtale på korleis det som skjedde «kan gjerast godt igjen», seier Solvik.
Gruar seg til meklingsmøtet
Konfliktrådet Sør-Vest opplever at mange av ungdommane gruar seg til meklingsmøtet, men at meklarane gjennom gode formøter med begge partar får til fine møte, der både butikkeigar, ungdom og foreldre er nøgd med utfallet. Ofte botnar møta ut i avtalar om at dei til dømes skal jobba ein laurdag, betala tilbake verdien av vara eller skriva eit refleksjonsbrev.
– Når personar gjer mindre lovbrot er det viktig at dei blir stilte til ansvar. Mekling i konfliktråd kan løysa konfliktar og skapa tryggleik på ein måte som er vanskeleg å få til med andre strafferettslege reaksjonar. Dette heng saman med at partane sjølve må ta ansvaret for situasjonen sin, og at dei saman finn løysingar, seier Solvik, som også viser til at det blir mekla i mange såkalla sivile saker, der partane sjølve har tatt kontakt for å få bistand til å løysa ein konflikt.
Oppgang i henlagde saker
Totalt har Konfliktrådet Sør-Vest mottatt 144 henlagde saker frå politiet, medan tilsvarande tal for 2020 var 107. Det er ein oppgang på 35 prosent.
– Noko av oppgangen skuldar nok pandemien, men me ser ein auke i talet overførte henlagde saker òg i eit lengre perspektiv, seier Solvik.
Konfliktrådet har 12 konfliktråd med 550 meklarar. I Konfliktrådet Sør-Vest er det 50 meklarar fordelte på dei ulike kommunane i Rogaland, og dessutan følgjande kommunar i Vestland: Bømlo, Etne, Fitjar, Stord og Sveio.