nyhende
— Aukande etterspurnad etter gjesteplasser
Sveio Båtforening har registrert merkbar auke i etterspurnaden etter gjestebåtplasser dei siste åra og ser fram til å utvida med endå fleire slike plassar i småbåthamna i Buavåg. Det seier styreleiar Cato Helgesen.
Langs den sterkt trafikkerte Bømlafjorden er Sveio Båtforening åleine i Sveio om å tilby gjesteplasser med tilgang til vatn og straumtilkopling. Foreininga tilbyr også dusj og toalett i servicebygget på ferjekaien, etter ein avtale med Statens vegvesen.
— Me har fire faste gjesteplasser i dag. I tillegg leiger me ut plassar som er ledige på grunn av
at enkelte medlemmer ikkje har båtar på sjøen, eller fordi dei er på langtur. Til saman utgjer dette ei god inntektskjelde for foreininga, seier Helgesen.
Når det gjeld betaling, er alt tillitsbasert. Gjestene kan betala via app, og oppslag om dette er sett opp på båtforeininga sitt klubbhus. Dei aller fleste gjer opp for seg, er Helgesen sitt inntrykk.
I gang med utviding
Båtforeininga disponerer i dag rundt 70 båtplasser og har 15 potensielt nye medlemmer på venteliste. For å skaffa fleire plassar er foreininga i gang med å byggja ein ny molo.
— Men sidan me er ein frivillig organisasjon med svak økonomi, skjer det i rykk og napp etter
som me har pengar og tilgang på masse, forklarar Helgesen.
Nå har han for eksempel håp om å få tak i eventuell overskotsmasse frå veganlegget Grimstveit–Sveio når det kjem i gang.
Med den nye moloen på plass vil talet på båtplasser i hamna auka med rundt 25. Ein del av desse vil altså bli sette av til gjester.
Og gjestene blir godt tatt imot i Buavåg, meiner båtentusiasten som sjølv har bakgrunn frå eit serviceyrke og brukar mykje tid i båt.
— Eg oppheld meg mykje i båthamna sjølv, og tilbyr ofte tilreisande båtturistar skyss til butikk
på Sveio, for eksempel. Gjestene er også velkomne til å bruka ballbingen på kaien og badeplassane nær båthamna.
Einaste ved Ålfjorden
Langs Ålfjorden er Våga den einaste plassen båtturistar kan finna kaiplass med tilgang på straum og vatn. Helge Elias Tveit eig den tidlegare butikken på kaien og flytebrygga utanfor. Han fortel at gjester kan leggja til ved den seks-åtte meter lange kommunale betongkaien. Her er det inga kaiavgift.
Etter avtale med Tveit kan turistane her få tilgang til straum og betala på Vipps. Same ordninga gjeld for fiskebåtar som tidvis brukar denne kaien. Innan sommaren skal det også igjen bli tilgang til vatn på kaien, fortel Tveit.
Han legg elles til at det relativt sjeldan kjem båtturistar som overnattar på Våga. Kaien blir mest brukt av folk i småbåtar som kjem innom på dagtid for å handla i kiosken. Det er Indre Ålforden velforening som driv kiosken på Våga. Tveit fortel at kiosken frå denne sesongen flyttar inn igjen i det tidlegare butikklokalet.
Valevåg og Førde
I tillegg til båthamna i Buavåg tilbyr Erling J. Eriksen tre gratis båtplasser i Valevåg.
— Men desse plassane eignar seg ikkje til overnatting. Dei er tilrettelagde for båtfolk som vil
gjera korte opphald for å handla på butikken eller sjå seg om i Valevåg, seier Eriksen til Vestavind.
I Førde er det eit tankanlegg for fylling av drivstoff til båtar, det einaste i sitt slag i kommunen. Anlegget er lokalisert til Kaien A/S sitt område. Catering Spesialisten A/S leiger og driv restauranten på kaien. Eit skilt ved drivstoffpumpene fortel om utleige av gjesteplasser til båtar, men korkje eigedomsselskapet eller cateringselskapet seier dei driv med aktiv utleige av desse plassene i dag.
Den kommunale kaien i Førde, som er ein del av Karmsund Havn, er i dag i svært dårleg forfatning. Ordførar Linn Therese Erve seier at kommunen har tatt opp med Karmsund Havn om denne kaien kan opprustast til gjestehamn. Ei slik gjestehamn vil vera svært gunstig for Førde, seier ordføraren, som ventar spent på svar.
Elles seier Erve at ho har tatt opp behovet for fleire båthamner generelt med styringsgruppa for revisjon av kommuneplanen. Vestavind kjenner også til at det blir arbeidd med fleire planar om båthamner som også inkluderer gjesteplasser fleire stader i kommunen.