nyhende
Auka interesse for yrkesfag
Yrkesfagleg vidaregåande opplæring kan føra til mange spennande yrkesvegar. Og aldri før har det vore så populært.
Sal, service og reiseliv og elektrofag er blant dei utdanningane flest har lyst til å gå, ifølgje tal frå fylkeskommunane.
Søkartalet til yrkesfaglege linjer har ikkje sidan 2021 vore så høge som dei er i år. Samla sett har søkartalet auka med 1,4 prosentpoeng frå i fjor til i år.
Av dei som har søkt på vidaregåande opplæring denne våren, har halvparten valt yrkesfag som sitt fyrsteval. Det betyr at tala berre er førebelse, og dei kan endra seg. Fyrsteopptaket er ikkje før i juli.
Yrkesfag held stand i Vestland
Yrkesfag står sterkt i Vestland, og 56,6 prosent av dei som søkte på VG1 til hausten 2024 har valt denne retninga. Andelen skil seg lite frå fjoråret.
Dei linjene som hadde størst prosentvis auke til VG1 var sal, service og reiseliv og teknologi og industrifag. Men også studieførebuande er populært, og det har gått fram med om lag 10 prosentpoeng.
Teknologi- og industrifag med 1.364 søkarar var den mest populære linja på yrkesfagsida. På helse- og oppvekstfag hadde 1.132 søkarar og elektro og datateknologi med 705.
Teknologi- og industrifag i Rogaland
56,4 prosent av søkarane til vidaregåande skule i Rogaland har valt yrkesfagleg retning. Det er ein framgang på 2,5 prosentpoeng frå året før. Sal, service og reiseliv går fram med eitt prosentpoeng og har eit høgare søkartal i år enn på lenge, ifølgje Rogaland fylkeskommune. Bygg- og anleggsteknikk har hatt stigande søkartal over tre år, men har i år gått tilbake med eitt prosentpoeng.
Fire av fem studieførebuande program går tilbake frå i fjor. 22.699 elevar har søkt vidaregåande opplæring i fylket.
– No blir det viktig at me klarar både å ha nok læreplassar, og at skuletilbodet blir best mogleg for alle, seier Anne Kristin Bruns, leiar for opplæringsutvalet i ei pressemelding.
Buskerud på eigne bein
I Buskerud har over halvparten av dei 11.303 søkarane til vidaregåande opplæring søkt på ei yrkesfagleg linje. 56 prosent har yrkesfag som sitt fyrsteval, mens 44 prosent har valt studieførebuande.
Dei mest populære linjene er sal, service og reiseliv, helse og oppvekst og elektro og datateknologi.
Helvta av dei som valde studieførebuande valde å gå rein studieførebuande retning. Blant søkarane i den andre halvdelen, var det idrett og medium og kommunikasjon som var mest populært.
Buskerud blei skilt ut av Viken ved nyttår, og det totale søkartalet har derfor gått ned. Søkarane i år kan søka seg til skuleplassar i heile fylket. I fjor i fylket Viken, der også Akershus og Østfold var med, var det 44 prosent av søkarane som valde yrkesfag og 56 prosent som valde studieførebuande.
Yrkesfag på topp i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal er det fylket der desidert flest av søkarane har valt yrkesfag som sitt fyrsteval. 65 prosent av dei 3806 søkarane valde å gå den retninga. Det er historisk høgt, ifølgje Maria Enstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det betyr også at berre 35 prosent valde studieførebuande retning, noko som også er ein nedgang frå i fjor. Då var det 41 prosent som valde det same.
Teknologi- og industrifag (597), helse og oppvekstfag (580) og elektro og datateknologi (407) er dei linjene som flest har søkt seg til i år. Dei minst populære yrkesfaglege linjene er handverk, design og produktutvikling (23), IT og medieproduksjon (79), og frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (91).
Fleire telemarkingar vil gå yrkesfag
Av dei 2.595 søkarane til VG1 i Telemark er det 60 prosent av dei som søkte yrkesfagleg vidaregåande opplæring. 40 prosent har sett studieførebuande som sitt fyrsteval.
Teknologi og industrifag er den linja som er mest populær med 518 søkarar, der jenter utgjer ein større andel enn dei har gjort før. På andreplass kjem helse og oppvekstfag (338) og på tredjeplass idrettsfag (221).
Nedover peikar pila for informasjonsteknologi og medieproduksjon og studieførebuande. Totalt har 662 valt rein studieførebuande retning.