nyhende

LøkjavegenFørste snøfallSveio sentrum
Natt til tysdag kan det kome snø eller sludd (arkivfoto).

Åtvarar om glatte vegar tysdag

Vêr og kulde gjer at køyreforholda tysdag morgon kan vera dårlege.

Publisert Sist oppdatert

Natt til tysdag er det mogelegheit for snø eller sludd i Sveio kommune. Difor åtvarar kommunen om vanskelege køyreforhold, og oppmodar folk om å vera førebudde på glatte vegar og ta seg god tid til jobb.

Ifølgje vêrvarslingstenesta StormGeo skal det vera mellom to til fire minusgradar gjennom natta. Då kan det fort verta glatt. Kommunen skriv på nettsida si at alt tilgjengeleg mannskap i uteavdelinga gjer ein innsats for å betra tryggleiken på vegane.

Powered by Labrador CMS