nyhende

Fleire kjeder reklamerer i desse dagar med opptil halv pris på flagg og andre sesongvarer, men førprisane gjer at Forbrukarrådet er skeptisk. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Fleire kjeder reklamerer i desse dagar med opptil halv pris på flagg og andre sesongvarer, men førprisane gjer at Forbrukarrådet er skeptisk.

Åtvarar om 17. mai-tilboda

– Viss alt er på sal, er ingenting på sal, seier Forbrukarrådet.

Publisert Sist oppdatert

Fleire kjeder reklamerer i desse dagar med opptil halv pris på flagg og andre sesongvarer, men førprisane gjer at Forbrukarrådet er skeptisk, skriv NRK.

For å kunne marknadsføre ei vare på sal eller som eit tilbod, må butikkane ha ein annan førpris på vara i 30 dagar før tilbodet. Ettersom 17. mai berre er éin dag og med det har ein kortare oppkøyringsperiode, meiner Forbrukarrådet det er oppsiktsvekkjande at varene kjem så tidleg på tilbod.

Til NRK seier juridisk seniorrådgivar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen, at slike prisstrategiane hòlar ut konseptet sal og tilbod og gjer det vanskeleg for forbrukarane å vita om dei gjer eit godt kjøp eller ikkje:

– Viss alt er på sal, er ingenting på sal.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS