nyhende

Jon Kristian Simonsen har anmeldt tjuveriet av fleire gamle propellar frå eigedomen hans i Valevåg.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Jon Kristian Simonsen har anmeldt tjuveriet av fleire gamle propellar frå eigedomen hans i Valevåg.

Åtvarar mot tjuveri: — Eg trur det er metallet dei er ute etter.

Det har forsvunne fleire gamle metallpropellar frå ein eigedom i Valevåg.

Publisert Sist oppdatert

Jon Kristian Simonsen åtvarar andre etter at han truleg har blitt offer for vinningskriminelle på ferde i Sveio.

Simonsen dreiv tidlegare Søndhordland Motormuseum ved Lunde Gård i Valevåg. Museumsdrifta er nedlagd, men han har framleis gjenstandane, som ei privat samling. Det som er fjerna av uvedkommande stod lagra utandørs.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-4908', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.4214602514031185, 59.65949276713059], // starting position [lng, lat] zoom: 10.677251335978424 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.466801427765148, 59.65378316190461]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

— Eg trur det er metallet dei er ute etter, seier han.

Dei gamle propellane er mellom anna støypt i bronse.

— Så dei som står bak får seg nok nokre pengar for dette, trur han.

Får ikkje tak i nytt

Problemet for Simonsen er at det neppe er mogeleg å erstatte propellane.

— Det er snakk om gamle delar som ikkje blir produserte lenger, seier han.

Tjuveriet, som han meiner må ha skjedd ein gang mellom 6. desember og første veka i januar, har han meldt til politiet denne veka.

Politiet: — Ikkje kjend med liknande tjuveri

Dei uvedkommande har ifølgje Simonsen gått grundig til verks.

— Dei har brukt vinkelslipar for å få laust noko av det dei har tatt med seg, seier han.

— Det er fleire propellar, og i det eine tilfellet har dei også teke med seg ein aksling.

Vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon opplyser til Vestavind at politiet ikkje er kjend med liknande tjuveri på Haugalandet den siste tida.

Powered by Labrador CMS