nyhende

Isfiske på Vigdarvatnet. Geitøya er til høgre, her kan det sjå ut til at isen er mindre trygg på grunn av elve/bekkeløp i Torvhusvika og Melkevik.
Sveio kommune åtvarar mot ferdsel på isen på Vigdarvatnet, der istykkelsen kan variere mykje.

Åtvarar mot ferdsel på Vigdarvatnet­­

Kommunen åtvarar mot ferdsel på Vigdarvatnet­ og rår folk frå å ferdast på isen før tjukna er nøye kontrollert­.

Publisert Sist oppdatert

– Det er eit stort vatn, og det fører med seg ein del usikkerheitsmoment, seier Håkon Aamodt, rådgjevar for plan, eigedom, byggesak og landbruk i Sveio kommune.

Ifølgje rådgjevaren betyr det i praksis at istykkja kan variera ut frå kvar ein oppheld seg langs vatnet.

– Ikkje kommunal oppgåve

– Me har fått inn ein del uro­meldingar frå folk som har observert ferdsel på Vigdarvatnet, seier Aamodt om kvifor kommunen no går ut med ei påminning.

Rådgiver for plan, eiendom, byggesak og landbruk i Sveio kommune, Håkon Aamodt, minner om at bilistene må være ekstra på vakt nå som høstmørket senker seg. Foto: Morten Vågset Møller
Håkon Aamodt, rådgjevar for plan, eigedom, byggjesak og landbruk i Sveio kommune, ber folk vera varsame og frårår ferdsel på isen på Vigdarvatnet før istykkja er kontrollert.

Han peikar på at det ikkje er ei kommunal oppgåve å måla istykkja på dei ulike vatna. Kommunen vil difor ikkje gjera dette, og han minner om at all ferdsel på is skjer på eige ansvar.

– All ferdsel på is bør gjerast saman med nokon som kjenner vatnet, og me frårår all form for ferdsel inntil tjukna er kontrollert, seier rådgjevaren.

Påminning om motorferdsleforbod

Aamodt minner samstundes om at det ikkje er lov å køyra motorisert køyretøy på islagde vatn. Dette gjeld alle vatn, og motorferdsel er berre tillaten i samband med nyttekøyring.

Med nyttekøyring meiner ein nødvendig køyring knytt til oppdrag og arbeid, til dømes rednings- og beredskapsoppdrag, offentleg oppsyn/tilsyn og nødvendig transport i jord- og skogbruk. Rekreasjonskøyring fell ikkje inn under unntaka.

Varsom sine viktigaste ferdselsråd på is:

  • Du må kunna symja – å øva på å gå gjennom isen og koma seg opp att under trygge forhold er lurt.
  • Ha ispiggar rundt halsen og kasteline – isstav, flytevest, ull innerst og tørt klesskift er òg lurt å ha med.
  • Ver fleire saman – då kan du bli redda raskt og har større sjanse for å overleva dersom du går gjennom isen.
  • Ta omsyn til isvarselet – varselet og observasjonar finn du på Varsom.no, Iskart.no og i Varsom Regobs-appen.
  • Unngå svekka is – vi rår til minst 10 cm stålis på innsjøar og vatn. Unngå innløp, utløp, tronge sund, oddar, råker, bruer og sivområde. Sjekk istykkleiken på nytt ved skillelinjer, til dømes der det er endring i farge, snømengde eller struktur. Fjordis og elveis varierer langt meir enn is på innsjøar. Regulerte vatn kan ha svak is på uventa stader – sjå Iskart.no. Om våren mistar sjølv tjukk is bereevna. Du kan dela eigne observasjonar og lesa andre sine på Regobs.no.
Powered by Labrador CMS