nyhende

Mange nordmenn tørstar etter sol og varme etter to korona-år. Her frå stranda ved Elviria litt utanfor Marbella by på solkysten i Spania. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Mange nordmenn tørstar etter sol og varme etter to korona-år. Her frå stranda ved Elviria litt utanfor Marbella by på solkysten i Spania.

Åtvarar før påskeferie utanlands: Berekn god tid

Å reise ut av landet går framleis ikkje like saumlaust som før pandemien. Forsikringsselskap ber nordmenn berekne god tid på påskeferie utanlands.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Ifølgje charterselskapa er reiselysta til nordmenn tilbake for fullt. Både Tui og Apollo melder om fulle sydenfly i påska. Men korona set framleis ein stoppar for ein del som skal utanlands.

Kommunikasjonsdirektør Andreas Bibow Handeland i If og Europeiske Reiseforsikring seier at forsikringsselskapet får mange førespurnader frå nordmenn som aldri får reist på grunn av korona hos seg sjølv eller nokon i familien sin.

– Vi får no rundt 4.500 telefonar inn til oss kvar månad, og mange av desse dreier seg om avbestillingar av reiser som følgje av korona, seier han.

Bereknar for lite tid

I tillegg har dei tilsette i Europeiske Reiseforsikring merka seg at stadig fleire ringjer fordi dei har lagt ned for lite tid på avgangsflyplassen.

– Dei er ikkje førebudde på at ting ikkje går like raskt på flyplassen som dei er vane med, mellom anna fordi alle skal leggje fram dokumentasjon og eventuelt koronapass, seier Handeland.

Han forklarer at mange legg inn litt betre tid når dei skal heim igjen, men at folk er vane med at ein i Noreg kan møte opp ein time før avgang og at det går greitt.

– No må ein vere nøye på å ta omsyn til det Avinor og flyselskapet tilrår – typisk to timar før avgang. Bereknar ein god nok tid i samsvar med tilrådingane, hjelper forsikringsselskapet til ved ei forseinking, men har ein sjølv lagt inn for lite tid, kan ein ikkje rekne med å få erstatning, seier Handeland.

Han legg til at det er stor forskjell på kva reglar og restriksjonar som gjeld i land der nordmenn likar å feriere.

– Nokre stader er det framleis svært strengt, medan det andre stader er det lempa meir på tiltaka.

Framleis restriksjonar ein del stader

I Gjensidige forsikring fortel kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad at dei har sett at reiseaktiviteten har teke seg veldig opp hittil i år. Dei forventar at det blir endå meir i påska og framover.

– Vi ser det særleg på skadestatistikkane våre der det har vore ein auke i skademeldingar på over 80 prosent sidan i fjor. No var det usedvanleg lågt i fjor, men det gir likevel ein peikepinn på at vi no er på eit heilt anna nivå, seier han til NTB.

Det viktigaste rådet for utanlandsfararar er å setje seg inn i reiseråd og lokale reglar, ifølgje Rysstad.

Dette kan ein gjere ved å sjekke Re-open.europa.com eller UDs Reiseklar-app for oppdatert informasjon om landet du skal til, er oppmodinga.

– Berekn god tid

I til dømes Thailand er det framleis krav om eitt døgn karantene på hotellrommet etter framkomst.

I Spania må ein ha koronapass eller teste seg og ha fylt ut eit elektronisk innreiseskjema før framkomst. Det same gjeld i Italia, der det òg er krav om munnbind i mange situasjonar. Men i Sverige og Danmark er det likt som i Noreg, med svært får attverande restriksjonar.

Mange stader er det òg krav om at ein skal ha fylt ut innreiseskjema før framkomst.

– Så er det dette med å ha gyldig pass og rekne ekstra god tid på flyplassen. Det er meir køar og fleire kan potensielt miste flyet sitt, seier Bjarne Rysstad i Gjensidige.

Sjølv om mykje er greiare no enn det var for eit halvt år sidan, er det ein forskjell frå før pandemien.

– Alt er ikkje likt som før. Det er ikkje det, seier han.

(©NPK)

Turistar på stranda Playa de la Cera, ved byen Playa Blanca på Lanzarote i Spania.
Powered by Labrador CMS