nyhende

Sveio kommunehus med kommunevåpenet.
ARKIVFOTO

Åtte ukrainske flyktningar har kome til Sveio

Sveio kommune har gjort vedtak om å ta i mot inntil 35 flyktningar. Fram til fredag er det registrert at åtte har kome til kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Norske myndigheiter har førebels opna for å ta i mot 35.000 flyktingar frå krigsherja Ukraina.

Fredag er oppmodinga frå Imdi til Sveio kommune at kommunen skal ta i mot 35 flyktningar.

Dette var også talet måndag kveld, då formannskapet i Sveio gjorde vedtak om å busetje inntil 35 flyktningar, i tillegg til eventuell familiegjenforeining, i kommunen.

Talet kan auke

I vedtaket heiter det at om det visar seg å bli naudsynt, skal rådmannen i samråd med formannskapet ha dialog med Imdi om ytterlegare busetjing.

Formannskapet vedtok samtidig å stille tildlegare Sveio bufellesskap på Lindøy til rådigheit til ein eventuell privat aktør som ønskjer å drive flyktningmottak der. Om Lid skule skal vere eit alternativ, eller i tillegg til Lindøy, vil truleg bli tema i kommunestyret måndag 4. april.

Mange har stilt bustad til disposisjon

Kommunen er også i gang med å kartlegge ledige bustadar i kommunen. Fleire har meldt til kommunen at dei har husvære dei kan leige ut til formålet. Rådmannen opplyste i formannskapet at ein i høve til busetjing mellom anna vil leggje til grunn at det må vere enkelt for flyktningar å kome seg frå bustad til barnehage og vaksenopplæring, slik at dei ikkje treng å bruke heile dagen til å løyse logistikkmessige utfordringar. Det er venta at det kjem flest kvinner og barn, og få har med seg bil.

Per fredag var det registrert at 8 ukrainske flyktningar har kome til kommunen. Alle åtte skal ha kome til Sveio ved hjelp familie og andre kjende.

— Dei åtte blir følge opp av det kommunale hjelpeapparatet gjennom Nav og helsetilbod, seier kommunalsjef Ingunn Toft til Vestavind.

Powered by Labrador CMS