nyhende
Åtte personar drukna i januar
Sju menn og ei kvinne omkom i drukningsulykker i januar, viser Redningsselskapet sin drukningsstatistikk. Det er det høgaste ulykkestalet i denne måneden på mange år.
I både 2022 og 2023 drukna fire personer i januar. Me må heilt tilbake til 2008, da ni personar omkom, for å finna fleire enn seks drukninger i denne vintermånaden, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.
– Det har dessverre vore ein trist start på året der mange har mista livet i drukningsulykker. I tillegg har det vore fleire hendelser der folk har klart å berga seg sjølv eller blitt redda opp av vatnet av andre, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsforebygging i Redningsselskapet.
Samansett ulykkesbilde
Statistisk sett skjer de fleste ulykkene vinterstid fra båt, etter fall fra land og fall gjennom isen. I januar i år er ulykkesbildet meir sammensatt når det gjeld kva aktivitetar ulykkene skjedde i forbindelse med, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.
- En mann i 70-åra ble funne livlaus i eit vatn i Haugesund. Det er foreløpig ikkje konkludert med årsak.
- En mann i slutten av 40-åra falt i sjøen frå ein kai i Bergen, og blei funne omkomen.
- Ei kvinne i 20-åra og ein mann i 30-åra ble funne omkomne i sjøen etter ein kajakktur utanfor Tromøya.
- Ein mann i 60-åra, som måtte hoppa i sjøen etter at fiskebåten hans grunnstøytte utanfor Stamsund i Lofoten døydde seinere på sjukehus.
- Ein mann i 60-åra blei funne livlaus i eit innandørs svømmebasseng i Kristiansand.
- Ein mann i 60-åra drukna etter at hjullasteren han rydda snø med havna utanfor ein kai i Risør.
- Ein mann i 80-åra blei funne omkomrn i sjøen i ei småbåthamn i Brønnøysund i Nordland.
Fire av drukningsulykkene i januar skjedde i Agder. To personar drukna i Nordland, mens det var ei drukningsulykke i både Rogaland og Vestland.
Tenk eigensikkerheit
Redningsselskapet oppfordrar alle som skal ut i båt, på isen eller ferdast langs sjø og vatn til å ta forholdsreglar og ivareta eigen sikkerheit.
– Skal du for eksempel sjekka båten etter uvêr eller snøfall, anbefaler me å bruka flyteplagg og å vera fleire saman. Det er glatt mange stadar og lett å skli og falla i sjøen, eier Krangnes.
Kaldtvassjokk
Når ein person fell ut i kaldt vatn, får kroppen kaldtvasssjokk. Personen vil gispa etter luft og hyperventilera, noko som aukar faren for drukning.
I Noreg er vatnet kaldt størsteparten av året, og Redningsselskapet har difor lansert omgrepet «kaldtvannsvett» og råd om kva du bør gjera om du ramler i kaldt vatn.
– Legg deg bakover og flyt med nase og munn over vatn til du får kontroll på pusten. Kaldtvassjokk går over på rundt eitt minutt. Rop eller vink etter hjelp, og prøv å koma deg heilt eller delvis opp av vatnet om det er mogeleg, seier Krangnes.