nyhende
Åtte drukna i juni – dei fleste var over 50 år
Åtte personar mista livet i drukningsulykker i juni, viser drukningsstatistikken til Redningsselskapet. Så langt i år har 40 personar drukna i Noreg, mot 41 på same tid i fjor.
Av dei 40 var 36 menn og 4 kvinner. Nærare halvparten av dei var over 60 år, viser statistikken.
Tre barn under 14 år drukna i første halvår. To av ulykkene skjedde etter fall frå land, medan eitt barn omkom i ei badeulykke.
Så mange som 18 av dei 40 drukningsulykkene skjedde etter fall frå land. 12 drukna i båtrelaterte ulykker, medan 5 drukna i samband med bading.
Juli er månaden med flest drukningsulykker
– 40 liv tapt i drukning viser at vi har ein lang veg å gå for å forhindre drukning i Noreg. 40 familiar, nabolag, venner og kollegaer er i sorg over tapte liv. Den kommande handlingsplanen til regjeringa må mellom anna bidra til betre koordinering av det drukningsførebyggjande arbeidet, målretta nasjonale tiltak og nasjonale haldningskampanjar over tid, seier generalsekretær Grete Herlofson i Redningsselskapet i ei pressemelding.
Redningsselskapet minner om at juli vanlegvis er månaden med flest drukningsulykker og oppmodar alle til å ta godt vare på kvarandre ved sjø og vatn i sommar.
Ein drukna i Vestland
Dette er drukningsulykkene i juni:
- Vestland: Ein mann i 80-åra blei funne omkomen i sjøen ved ei båthamn i Florø.
- Rogaland: Ein mann i 50-årene drukna under fiske i Frafjordelva i Gjesdal kommune.
- Agder: Ein polsk mann i 30-åra omkom i ei badeulykke i eit vann i Arendal kommune.
- Vestfold: Ein mann i 50-åra blei funne livlaus i sjøen etter at båten hans blei observert tom utanfor Larvik.
- Buskerud: Ei kvinne i 50-åra ble funne omkomen ved ei båthamn i Drammenselva i Drammen kommune.
- Agder: En mann i 80-åra omkom etter at han fall i vatnet frå eit berg ved ei hytte i Tvedestrand.
- Innlandet: Ein slovakisk mann i starten av 70-åra mista livet i ei raftingulykke i Sjoa i Sel kommune.
- Oslo: Ein mann blei funnetlivlaus i sjøen ved Frognerstranda i Oslo.