nyhende
Astrid Torsnes ny leiar av badeanlegget
Emma Karlsson har pakka sakene sine, og snart overtar Astrid Torsnes administrasjonen av badeanlegget i Tysværtunet. Ho skal ha oversikt over alle dei tusenvis av badeglade som besøker anlegget i løpet av året.
: Ho er innom som snarast, midt i jobben som leiar av Espira barnehage i Haugesund sentrum, der ho har vore i snart fem år. Me treffer henne på biblioteket der ho nyttar anledninga til å helse på sine kommande kollegaer.
AKSDAL, Tysvær Bygdeblad– Eg gleder meg til å starte i denne jobben. Alt nå ser eg at flotte forhold, flinke folk og eit veldrive system møter meg. Dessutan har eg høyrt frå mange som kjenner Tysværtunet godt at eg kan glede meg til å ta fatt, seier ho entusiastisk.
Velkjent anlegg
Det er slett ikkje første gong at førskulelæraren frå Sveio/Haugesund har vore innom Tysværtunet.
– Både eg og familien min liker å bruke anlegga her, både for å bade, men også for å delta i dei mange flotte kulturarrangementa som blir sett opp. Me bruker badeanlegget ofte, -her føler eg meg heime, seier ho.
Astrid er glad i å bade.
– Ja, det er eg. Tenk på alt vatnet som omgir Haugalandet, – fjord, hav, elver, innsjøar – over alt finn ein vatn. Og eg elskar å bade, det gjer eg så ofte eg kan. Reisedestinasjonar vel eg helst ut frå at eg får med meg akkurat badinga, anten det er sjø eller basseng, seier ho og ler den lyse latteren sin.
Det var ikkje hogt i stein at det skulle bli denne jobben ho valde som 40-åring.
– Eg hadde eigentleg trudd at eg skulle jobbe i barnehage resten av livet, for eg trivst svært godt saman med barn. Men så skjer det ting, og tilfeldigvis såg eg utlysinga som badeleiar ved Tysværtunet. Det trigga noko i meg. I intervjuet sa Øystein (Simonsen) at å vere leiar av badeanlegget ikkje er noko ein utdannar seg til – dermed var det lett å takke ja til tilbodet.
Inga endring – enno
– Ser du noko du ønsker å endre når du startar i jobben?
– Nei, eigentleg ikkje. Dette anlegget er så godt drive og så godt skrudd saman at eg ser ikkje grunn til å endre på noko. Eg veit at det vil ta litt tid å sette seg inn i systema, – blant anna billettsystema og ha oversikt over vakter og personell. Men Emma (tidlegare badeleiar) har lagt alt så godt til rette at eg trur det skal gå bra. Men spennande blir det å teste ut om eg klarer å ha oversikt over alle detaljane frå første stund.
– Noko er det vel du ønsker å sette i gang som ikkje er her nå?
Astrid tenker seg litt om, ikkje heilt sikker på om ho skal ta dette i eit intervju med Bygdebladet.
– Sambuaren min er superinteressert i skliekonkurranse, og når me er her så er det alltid øving i sklia. Så kanskje det blir NM i skliekonkurranse? Eg synest det er spennande med forskjellige konkurransar, og eg veit jo at det har vore arrangert «dødsing» i bassenget. Det er kult – og skummelt. Me får sjå, ingenting er bestemt. I alle tilfelle må slike beslutningar gjerast saman med dei andre i Tysværtunet.
Rekruttering
Badevaktstillingane er det vanskelegare enn før å rekruttere til.
– Eg veit at det er vanskelegare nå enn før å få tak i folk, men mange nye er alt tilsett. Nå manglar me nokre vikarar for dei fast tilsette som er i permisjon. Dette er deltidsstillingar som passar godt til studentar.
Sjølv har ho sett seg inn i kva kunnskap ein badevakt treng.
– I utdanninga mi så har eg eit kurs i friluftsliv, der me blant anna lærte livredning. Det er viktig kunnskap for badevakter. Eg har hatt nokre økter i bassenget for å sette meg inn i kva som er viktig der. Administrasjon har eg også i den stillinga eg har i dag, så det blir ikkje så stor endring i det.
Oppstart
Astrid Torsnes skal starte i stilling som leiar av badeanlegget i Tysværtunet i påskeveka.
– Blir ikkje det ei travel tid i ein ny jobb?
– Jo, det blir det, men eg skal ha ei helg og to her på førehand, slik at eg ikkje kjem heilt uforberedt, seier den blide kvinna som straks blir å treffe rundt om på Tysværtunet.