nyhende

«Tre nøtter til Askepott» har no passert eit kinobesøk på 500.000, og entrar lista over dei ti mest sette norske filmane i nyare tid. Her er Astrid Smeplass og Cengiz Al. Foto: Storm Films
«Tre nøtter til Askepott» har no passert eit kinobesøk på 500.000, og entrar lista over dei ti mest sette norske filmane i nyare tid. Her er Astrid Smeplass og Cengiz Al.

Askepott inn på lista over dei ti mest sette norske filmane

«Tre nøtter til Askepott» går rett inn på den gjæve lista over dei ti mest sette norske filmane i moderne tid.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Sist helg passerte nemleg den norske filmatiseringa av julefavoritten det magiske talet på ein halv million besøk på kino.

Dermed har filmen ifølgje filmselskapet Storm Films sikra seg ein plass på den prestisjefylte lista over dei ti mest sette norske kinofilmane i moderne tid, altså frå 2003 – som er det årstalet kino bransjen forheld seg og som har nøyaktige tal, får NTB opplyst.

«Tre nøtter til Askepott» klarer denne bragda sjølv midt i koronapandemien med restriksjonar, sjølv om Storm Films-produsent Frederick Howard har eit lite hjartesukk:

– I all elendet er det ei glede å sjå at når publikum går på kino, prioriterer dei å få med seg «Tre nøtter til Askepott». Vi skulle sjølvsagt gjerne sett kor langt han kunne nådd under normale forhold, for spådommane var opp mot millionen, men dette er uansett ein siger for oss som har laga filmen, seier han:

– Draumen no blir å slå James Bond, så no håpar vi at alle som ikkje har fått sett filmen, går på kino. Over heile landet er kinoane opne gjennom jula og smittevernet er på topp. All statistikk tilseier at det er trygt å gå på kino, hevdar Howard. Besøkstalet for 007-filmen «No Time Ti Die» er elles 662.355.

I helga som var, vart «Tre nøtter til Askepott» sett av 27.546 kinogjengarar. Det er milelangt over neste film på lista, «Clifford: Den store røde hunden», som hadde besøk av 3.600 publikummarar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS