Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Askeland held fram som fylkesordførar
Onsdag vart Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, KrF, Venstre og MDG er einige om en politisk samarbeidsavtale for Vestland fylkesting dei neste fire åra. Jon Askeland (Sp) held fram som fylkesordførar.
– Eg vil takka veljarane for fornya tillit. Me er samde om å vidareføra politikken vår og gje tryggheit for veljarane og innbyggarane våre i krevjande tider. Me skal vera eit stabilt forvaltingsnivå som skal vera forutsigbart også i dei komande fire åra, seier fylkesordførar Jon Askeland.
To dimensjonar
På ein pressekonferanse onsdag nemnde Askeland to dimensjonar i den nye samarbeidsavtalen som er viktige for Sp:
– Den lokale dimensjonen er å bruka fylkeskommunen aktivt som eit verkemiddel for vekst og vekstkraft i lokalsamfunn over heile fylket. Me skal ikkje oppføra oss som ein overkommune. Tvert imot skal vera ein medspelar til utvikling og vekst for kommunar, kulturliv og arbeidsliv lokalt. Me skal vera ein god og trygg medspelar og aktiv samfunnsutviklar for oss alle.
Den andre dimensjonen går på det regionale:
– Me kal bruka fylkeskommunen som regional utviklingsaktør som samlar og set retning og koordinerer kreftene i landets viktigaste eksportfylke og vareproduserande fylke. Me skal ivareta fylket sine interesser som talerøyr og interesseaktør og ha trygg, offensiv og framtidsretta styring vidare.
Gler seg til vidare samarbeid
Påtroppande fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap) takka for det gode samarbeidet gjennom dei første fire åra i Vestland fylkeskommune.
– For oss er det veldig viktig å bygga vidare på suksessen som fylkeskommunen er. Me satsar på skule, kultur og frivilligheit, og at me skal utvikla både store og små kommunar. Dette opplever me at me har lukkast med. Det har vore stor tillit mellom partia. Me har felles mål om ei grønare og meir rettferdig retning. Det er viktig med offentlege vidaregåande skular og å styrka yrkesfaga. Me satsar framleis på god psykisk helse for elevane og gratis skulefrukost. Eg gler meg til det vidare samarbeidet, seier Stian Davies.
Ap mista to mandat og Sp tre.Høgre vart største parti, og Frp gjorde også eit veldig godt fylkestingsval. Begge partia fekk tre mandat meir enn førre val. Mange såg for seg at det no skulle bli skifte til blått styre i Vestland, men slik gjekk det altså ikkje.
Svært skuffa Høgre
– Me er svært skuffa over at korkje Venstre, KrF eller Senterpartiet har vist vilje til å snakka med oss. Høgre vart valvinnar og det klart største partiet i Vestland fylkesting. Borgarleg side styrka seg, og Ap og Sp gjekk mykje tilbake. Veljarane viste at dei ønska eit skifte, men det har dei vald å oversjå ved å ikkje lata oss sleppa til. Det er ei arrogant og uforståeleg tilnærming, seier Silja Ekeland Bjørkly, ein svært skuffa fylkesordførarkandidat for Vestland Høgre.
Høgre går no i opposisjon, og lovar å vera ei tydeleg stemme for dei saka dei gjekk til val på.
– Me sviktar ikkje veljarane og innbyggjarane. Vestland skal garantert leggje merke til oss dei komande fire åra, seier Ekeland Bjørkly.
Mandat
H: 15 (+3)
Ap: 12 (−2)
Frp: 9 (+3)
Sp: 7 (−3)
SV: 5 (+1)
INP: 4 (+4)
KrF: 3 (0)
MDG: 3 (−2)
V: 3 (+1)
Rødt: 2 (0)
Bergenslisten 1 (+1)
Pensjonistpartiet 1 (0)
Folkestyrelisten: 0 (0)
Folkets Parti (tidlegare Bompengepartiet): 0 (−6)
Konservativt: 0 (0)
Liberalistene: 0 (0)
Norgesdemokratene: 0 (0)
Partiet Sentrum: 0 (0)