nyhende

Åse og mannen Kåre på stranda i Whitley Bay.FOTO: PRIVAT
Åse og mannen Kåre på stranda i Whitley Bay.

Åse frå Sveio lever kunstnarlivet i England

Kunstnaren Åse Vikse vaks opp på Skålaskog og er kunstnar i nordaust-England. Korleis ho endte der er litt tilfeldig, men ein raud tråd er kjærleiken til kystlandskap og korleis ho vert inspirert. — Det er noko med havet, det roar meg, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

— Det er heilt umogleg å summere kva som er særeige med kystlandskap. Berre sjå på Noreg. Me har så lang kyst som går frå koseleg skjergard til dramatiske fjell som går bratt ned i djupe fjordar, seier Åse Vikse.

Ho forsøkjer å forklare kva ho synast er særeige med kysten, men det er ikkje ein enkel oppgåve. Sjølv om ho har vakse opp med kysten og budd nær den nesten heile livet, er det framleis vanskeleg å beskrive kva ho følar om den.

Som kunstnar arbeidar ho med å gjere nettopp det. Ikkje med ord, men med trykkpresse.

Sveibu utanfor Newcastle

— Eg vaks opp på Skålaskog, på ein liten gard. Når eg seier eg er der i frå så har dei færraste utanfor Sveio høyrt om det, seier Vikse.

I et erkebritisk raudt mursteinshus bur Åse.

Ho hadde kort veg til sjøen, ikkje langt ifrå Ryvarden, og minnast tida si på Skålaskog med eit smil.

— Det var ein veldig fin oppvekst, seier ho.

No bur ho framleis langs kysten, men på motsett side av Norskehavet, nordaust i England.

Det betyr ikkje at ho har gløymt kor ho kjem i frå.

— Det er lenge sidan eg har budd i Sveio, men samtidig er det ein plass eg alltid vender tilbake til. Foreldra mine bur jo framleis på garden, seier Vikse.

Kvardagen hennar er truleg det mange tenkjer på som britisk. Ho bur i eit rekkehus av rød murstein i ei lita gate. I nærleiken er det små, lokale butikkar og framande helsar og seier god morgon når dei passerer.

Ho flytta til Storbritannia for åtte år sidan saman med mannen hennar Kåre. Dei møttest i Haugesund då ho gjekk på vidaregåande i Bergen. Kåre kjem frå Sotra utanfor Bergen, og var tilsett i Aibel i Haugesund då dei vart kjærastar.

No er han tilsett i Equinor. Det var stillinga hans som vart utslagsgjevande for at dei enda med å flytte til utlandet.

— Me trivs veldig godt her, seier Vikse.

Først budde dei i Aberdeen i Skottland i nokre år, så ei stund i London medan det var korona-nedstengt, og no endeleg har dei busett seg i Whitley Bay utanfor Newcastle.

Der driv ho med det ein på norsk kallar for originalgrafikk, som vil seie at kunsten ein lagar kjem ifrå ein trykkplate.

Her er eit av verka til Åse i Nordsjøløypa, teke då ho gjorde masteroppgåva si.

Vikse fortel om ein morosam samtale der ho forsøkte å forklare kva ho gjorde som kunstnar.

— Eg sa eg brukte ei trykkpresse, og då spurte ho om eg laga bøker. Nei, det er kunst svarte eg, men framleis forstod ho det ikkje. Så spurte ho «kva gjer dei med det då?» og då svara Kåre at «dei heng det på veggen», seier Vikse humrande.

Kyst som ein del av seg

Tida då samfunnet vart lukka grunna pandemien var noko av det som gjorde det tydeleg for Vikse at ho var knytta til kysten.

— Det var ein slags klaustrofobisk kjensle, for eg vaks opp med kysten og har budd nær den inntil London, seier ho.

Plutseleg var det ulovleg å reise meir enn ein liten distanse frå heimen sin.

— Då går det opp for deg kor viktig det er, seier ho om å vere nær til kysten.

Ho visar til eksempelet med nordmenn som utvandra til Amerika på 1800-talet. Mange av dei drog til innlandet og opplevde noko dei kalla præriesjuke.

— Dette var folk som kom frå kysten, og var i ferd med å bli tullete fordi dei sakna havet så mykje, seier Vikse.

Det første Vikse og mannen gjorde når samfunnet opna litt var å reise til Kent, eit område med mykje kyst.

— Der jobba eg med å gå i landskap og lage eit kunstkart, seier ho.

Vandrande kunst

Å bevege seg i landskap for å bli inspirert er noko fleire gjer i kunstverda. Vikse vert ivrig og brukar eit eksempel frå engelsk for å forklare seg sjølv som kunstnar. Ordet wander (vandre) og wonder (undre) både skrivast og høyrast nemleg ganske likt ut.

— Det passar meg godt fordi eg likar begge deler, eg stillar mykje spørsmål utan nødvendigvis fokusere så mykje på svar. Eg er nysgjerrig, eg likar å utforske, seier ho.

Ho har alltid vore interessert i det kreative, og meiner det kjem fram når ein ser på tidlegare verk.

— Eg har motiver frå sildefisket, frå gamle Haugesund og av gamle kart, seier Vikse.

— Har du forsøkt vandrande kunst i Noreg?

— Ja, hovudoppgåva mi til mastergraden er frå turar i landskapet rundt Sveio.

— Kor då?

— Eg gjekk i Nordsjøløypa, området langs Sletto, dei to kolera-gravplassane i Mølstrevåg og i Valevåg. Og på Skålaskog til ein varde mellom der og Straumen, seier ho.

Før ein rekk å stille fleire spørsmål er det ho sjølv som stillar eit.

Åse Vikse er norsk kunstnar i England, og tek med seg inspirasjon frå kystlandskapet i Sveio.

— Har du høyrt om Smørsundkjerringo? Det er ein ganske interessant historie. Nokon har laga ein sti ut der hu budde. Ho var synsk og folk kom til ho for å få hjelp.

Saman med vandring vart det og mykje undersøking av lokal historie, som ho brukte for å finne ut kvar ho skulle vandre.

— Eg elskar å finne slike historier.

Saknar norsk advent

Vikse og mannen hennar har kjøpt ei lita og raud hytte på Skålaskog, som tidlegare tilhøyrde Vikse si grandtante. Den skal dei pusse opp, slik at dei får både straum og vatn i springen til slutt.

— Forfattarar har skrivestover, og kanskje dette kan vere min. Eg håpar den inspirerer meg til å laga meir kunst der, seier Vikse.

Ho gler seg til å kome i gang med hytta, men framover vert det nok travelt for kunstnaren.

To av bileta hennar skal stillast ut i slutten av november, og ho skal ha ein såkalla pop-up i Aberdeen. Då visast kunsten fram i samanheng med julemarknaden til den norske sjømannskyrkja.

Og så vart ho nett tatt opp som medlem i foreininga Norske Grafikarar, som mogelegvis betyr at ho får stilt ut kunsten si i Oslo.

— Det er ein tillitserklæring å bli tatt opp av dei, seier Vikse.

Samstundes som ho har vind i segla kjenner Vikse også på ei glede for det som snart kjem, jula. Det er mykje julestemning i Storbritannia og, men ho seier Noreg gjer det mest koseleg.

— Eg føler dei hoppar over advent. Det e  kanskje noko eg saknar her, norsk advent, seier ho.

Ho og mannen har både reist og opplevd mykje saman. Og dei har lært at juletradisjon er noko ein heldigvis kan ta med seg.

Under den første pandemi-jula i London, då dei ikkje kunne reise heim til Noreg, så tok dei eit val om å finne eit lys i tunellen, nemleg eit adventslys.

— Då tenkte me at me skulle feire jul her. Me laga ei norsk jul i London og det skulle vere fint. Me pynta med adventslys og lilla fargar, og då gjekk det veldig fint, seier Vikse.

Powered by Labrador CMS